-Dette er berre supert. Eg kjenner ikkje til noko arrangement i vårt land som til dei grader set borna i høgsetet, Ja, idag veit eg ikkje om nokon vakrare plass heller, sa den pensjonerte engelske flygaren Richard Smith til Fjordingen i Olden.

Fire gonger har han vore i Norge med hurtigruta og to gonger har han vitja Norge i militære oppdrag. Aldri tidlegare hadde han vore i Olden. Engelskmannen med fire borneborn var ein av 50 turistar ombord på M/S Lofoten som er ute på vestlandscruise. Han brukte ikkje lang til på å få kontakt med dei festkledde fire år gamle tvillingane Henriette og Nanette Fløtre på festplassen.

Største nokon gong?

Folketoget i Olden var etter mange si meining det største dei hadde opplevd. Toget gjekk innover til terminalkaia, og det var liv og stemning då salutten gjekk oppe i Muribakkane.

Foreldra til 4. og 7. klassingane hadde gjort ein god jobb før arrangementet. Ved det godt 40 år gamle hurtigruteskipet M/S Lofoten var det stor markering for gjestane frå Fankrike, England, Tyskland og Norge. Seinare på dagen fekk turistane meir underhaldning på den norske nasjonaldagen då Marit og Per Skarstein steig ombord med trekkspel og gitar.

Les meir i papirutgåva fredag