Stian Davies om framtidsplanane til Singerheimen: – Eg likar tanken om å formidle historia og eigedomen gjennom bruken av eit ope hus. Her blir det brukt av fellesskapet sine midler og då får fellesskapet noko tilbake. T.h. Per Kristian Storevik. Bak (skjult) Jarle Hessevik. Foto: Berit Melheim

– Fellesskapet får noko tilbake

Utvalsleiaren for kultur, idrett og integrering i Vestland fylke, Stian Davies, var på rundtur i Stryn kommune sist tysdag. Ullsheim, Singerheimen og Gamle Innvik Ullvarefabrikk fekk besøk, i tillegg til Stryn Bibliotek som vart kåra til åretes bibliotek i Vestland fylke. – Eg likar tanken om å formidle historia og eigedomen gjennom bruken av eit ope hus, sa Davies då han besøkte Singerheimen. – Her blir det brukt av fellesskapet sine midler og då får fellesskapet noko tilbake.