Det heile blir sparka i gong fredag 2. juli med workshop med jazzmusikar Helge Sunde på Stryn vidaregåande skule. Den vil gå føre seg både fredagen og laurdagen. Prosjektleiar for Folkjazz Stryn, Sari-Johanna Hannukainen, fortel at dette blir eit tilbod for både barn og vaksne, og at korpsa har fått invitasjon til å vere med.

- Det blir improvisasjonsstudium der det vert laga eit program som så skal bli brukt i gateparaden etterpå. Alle som deltek på workshopen skal vere med, seier Sari-Johanna Hannukainen.

For Helge Sunde er dette eit høve til å kome heim til Stryn. Og under Oldendagane søndag 4. juli skal han spele kyrkjekonsert.

Helge Sunde er internasjonalt kjend som jazztrombonist. Opp gjennom åra har han jobba saman med både norske og internasjonale artistar. Desse inkluderer Listening Ensemble, Mory Knaté Electric band og Motorpsycho.

For Helge Sunde blir ikkje den musikalske workshop-opplevinga noko heilt nytt. Han har nemleg vore lærar ved fleire utdanningsinstitusjonar; Norges Musikkskole, Universitetet i Oslo, Høgskolen i Agder og gjesteforelesar i Trondheim.

Både fredag og laurdag kveld blir det "Down by the riverside"-hending på Stryn Hotel. På fredagen skal prosjektleiaren sitt band Sari's Soul Sanatorium vere oppvarmarar med krysning av soul, jazz og blues. Etterpå kjem Ophelia Orchestra med Morten Gunnar Larsen på scena.

Morten Gunnar Larsen er ein jazzpianist som er internasjonalt kjend som ein av dei fremste tolkarane av ragtimemusikk. Morten Gunnar Larsen har spelt på ein rekkje festivalar i både inn- og utlandet, og har også i fleire år hatt base i New Orleans der han har vore musikalsk leiar. Larsen har også vunne spelemannspris.

Og med seg til Stryn har han altså Ophelia Orchestra, som er ein attraksjon i seg sjølv. Der får ein oppleve ti kjole og kvitkledde musikarar som spelar svingande musikk. Dei har innslag av både brasiliansk og karibisk musikk på menyen.

Dagen etter skal lokale artistar spele, før Papasito' Son overtek.

Bandet omtalar seg sjølv som det einaste i Skandinavia som spelar ekte "Son Cubano". Dermed er det duka for salsa, son, bolero og cumbia-rytmar. I bandet finn ein erfarne musikarar frå Latin-Amerika, Cuba og Norge.

Det mest høgtsvevande på festivalen blir nok avslutningsnummeret. Sigrid Moldestad skal ha konsert på Skåla 1848 meter over havet søndag 4. juli. Artisten har sjølv vore på tv og omtalt den komande konserten som ufatteleg spennande.

Les meir i papirutgåva

Sigrid Moldestad står for den høgaste konsertopplevinga under Folkjazz Stryn. Ho skal spele med fullt band på toppen av Skåla på 1848 meter. (Foto: Pressefoto).
Helge Sunde kjem heim til Stryn og skal først ha workshop med musikkinteresserte. Siste dagen på festivalen skal han ha kyrkjekonsert i Olden. (Arkivfoto: Harald Vartdal)