Vedkomande driftsstilskot til turløyper og skianlegg:

Styret i Stryn idrettsråd (SIR) viser til oppslag i Fjordingen 17.02. vedk. ovannemnde sak og tillet seg å kome med nokre synspunkt omkring dette. Då SIR blei kjende med at kommunedirektør hadde føreslått å redusere driftstilskotet med 50% i Økonomiplan2023-26/Budsjett 2023, sende SIR brev, datert 10.11.22, om dette til kommunen. Der peika SIR-styret på kor viktig det var å halde oppe drifta av turløypene og skianlegga av grunngjevne årsaker – og oppmoda administrasjon og politikarane i Stryn kommune om å finne rom over budsjettet til å avsetje driftsmidlar i storleik på minimum slik det var førre året (900.000 kr).

Markane IL sende også inn merknader på kva konsekvensar redusert tilskot kunne medføre.

Leiar i Skule- og kulturutvalet (KrF) signaliserte tidleg at her ville kome framlegg om å få auka opp denne driftstilskots-posten i «budsjett-møtet». I kommunestyremøtet i desember («budsjett-møtet») blei det vedtatt å auke potten med 150.000 kr, til 600.000 kr. Dvs. at alle søkjarane om driftstilskot fekk redusert tildeling med 1/3 ut frå det som SIR hadde vore med og tilrådd (ut frå 900.000 kr).

Ca. to månader seinare «vaknar» nokre politikarar av at dette vil kunne få (store) konsekvensar for spesielt éin søkjar (Turløyper Stryn) – og at her vil bli jobba for å få ei sak opp på kommunestyremøtet i mars der Turløyper Stryn skal få tildelt «mellomlegget» av det reduserte tilskotet (120.000 kr). SIR-styret meiner slik handsaming frå politisk hald er uheldig og uføreseieleg overfor (alle) søkjarane.

I retningslinene for driftstilskot står at SIR har uttalerett i saka – noko SIR har nytta seg av i alle desse åra dette driftstilskotet har eksistert (sidan 2016). I uttalen/tilrådinga til driftstilskot har SIR lagt ved ei særs grundig reiegjering for grunnlaget for tilrådingssummane til kvart enkelt søkjarlag. Kan kort nemne at for 2023 så tilrådde SIR at Turløyper Stryn AS skulle få 350.000 kr og t.d. Markane IL 95.000 kr (Iflg. vedlagde rekneskap til Markane IL ved siste søknad, så hadde laget nesten 600.000 kr i utgifter til drift av sine løyper på Ullsheim).

SIR-styret meiner det er viktig at ein ser alle som driftar turløyper og skianlegg under eitt, jfr. retningslinene. Viss det frå politisk hald meinast at nokon har fått for lite, så må dette vurderast under eitt. Alle søkjarlaga vil lide under reduserte driftstilskot! Og så må ein hugse på at alle idrettslaga tuftar all sin aktivitet på frivillegheit og dugnadsbasis.

For ca. 10 år sidan ønskte kommune-/kulturadministrasjonen å få til ei felles, føreseieleg ordning for alle lag/aktørar som drifta skiløyper/skianlegg – og ein fekk denne ordninga med driftsstilskot til turløyper/skianlegg. Skal ein rykkje «tilbake til start» no igjen, politikarar?

SIR-styret meiner at her må politikarane vise ansvar overfor alle søkjarane og ber om at alle søkjarlaga blir handsama likt! Det hadde vore sterkt kjærkome viss politikarane fann rom for å heve driftstilskotet til dei to siste åra sitt nivå, nemleg 900.000 kr totalt, slik at alle fekk påplussa tilskotssummen med 1/3! Gunnar Harstad leiar i Stryn idrettsråd