Styret i Stryn sykkelklubb tillet seg å kome med eit hjartesukk til kommunal sakshandsaming i samband med planar om sykkel-/vandresti i Videdalen i Oppstryn. Stryn sykkelklubb har siste par åra blitt meir terrengorientert og vil satse meir på ungdomen (vekk frå trafikkerte vegar).

Folven AS v/Fred Syversen, i lag med Oppstryn IL, har opparbeidd ein sykkelsti frå Napen (Øvstefoss bru) og til Skåre (og vidare i lysløypa nedover Skåredalen til Folven Camping). Denne traséen har blitt mykje brukt – både av ungdom og eldre terrengsykkel-entusiastar frå fjern og nær.

I sept. 2021 sendte Fred brev til Stryn kommune om å få tillatelse til opparbeiding av ny trasé i Videdalen. Han hadde lagt ved brev frå Statans vegvesen (som var positive til tiltaket), frå Statskog (som godkjente opparbeiding) og med underskrift frå grunneigarane i det berørte området.

6 mndr. seinare, i brev datert 29.03.22, fekk Fred svar tilbake frå Stryn kommune, der sakshandsamar bad om mange opplysningar før tiltaket kunne handsamast i kommunen. I nemnte brev visast til «…forbod og krav i arealplanar…, og det som står i lova og forskriftene». Vidare blir det vist til kommunedelplanen for Oppstryn der sakshandsamar skriv at det berre er tillate å føre opp bygningar og anlegg i samb. med primærnæring i området, og at ein del av traséen skal gå over område avsett til framtidig og noverande idrettsanlegg. Dermed må her søkjast om grunngjevne dispensasjonar (jfr. PBL) – først til kommunen og så vidare til Statsforvaltaren.

Sykkeltraséen går så nærme fv 258 (gml. Strynefjellsveg) at her må søkjast dispensasjon – og her er det Vestland fylkeskommune som er rett instans å søkje direkte til.

Sykkeltraséen ligg innafor NVE sitt aktsemdskart for potensiell jord-, flaum- , snøskred og steinsprangfare så her må utførast nærmare undersøking og utgreiing av fagkunnige personar med henvisningar til diverse forskrifter. Kva for «vanlege folk» orkar, har tid og kapasitet, til å oppfylle alle desse krava i den offentlege «papir-mølla»? Her vil frivillege personar, på dugnadsbasis, tilretteleggje for aktivitet og friluftsliv m.a. for ungdom, og så blir ein møtt med slikt byråkrati!

Styret i sykkelklubben har lyst til å vise til «Kommuneplanen sin samfunnsdel» (høyringsutkast 24.11.2022) der kommunestyret har lagt visse føringar på aktuell tema og utviklingsområde/ satsingsområde, slik som:

• Ja-kommune. Ja- til kva?

• Reiseliv og berekraftig turisme (Folven AS er ei reiselivsbedrift)

• Fokus på barn og unge. Vil ikkje ei sykkelløype vere å ha fokus på barn/unge?

• Friluftsliv (Statskog nemner spesielt at tiltaket kan bli ein positiv tilvekst for friluftslivet).

• Fritidsaktivitetar

• Frivillegheit. Innbyr slike krav og pålegg frå kommunalt hald til frivillegheit, tru?

• Gode bygdelag. Eksisterande sykkeltrasé blir brukt i ulike sykkelarrangement – bidreg til at folk kjem til Stryn og Oppstryn-bygda

• Levande bygder. Ja, blir vel enno meir levande når her kjem tilreisande…?

• Naturleg førsteval for alle som skal etablere seg. Fleire tilbod – meir attraktivt, vel?

• Grøn energi. Å få born/ungdom til å bruke sykkel meir, då trengs berre «eigenprodusert» energi…

• Natur. Å tilretteleggje for aktivitet i naturen på skånsom måte, er vel positivt?

• Folkehelse. Å skape aktivitet, spesielt for ungdom som blir meir og meir «dataslavar», må vel vere å bidra til betre folkehelse…?

Skal tilretteleggjing for m.a. alle desse ovannemnde punkta drepast av plan-krav og paragrafar?

Styret i Stryn sykkelklubb