I Noreg har det lenge vore sterke økonomiske og politiske krefter som har ført til ei omfattande sentralisering av arbeidsplassar og tenestetilbod. Raudt vil ha levande distrikt der folk kan bu og arbeide.

Avfolkinga av distrikts-Noreg er ikkje ein naturlov, men kjem fordi den økonomiske og politiske sentralmakta, ut frå snevre økonomiske perspektiv, aktivt går inn for sentralisering. Raudt vil ta heile landet i bruk og stør kampen mot sentralisering og for lokal forvaltning.

Moderne nettbasert kommunikasjonsteknologi gjer det mogeleg å desentralisere kontoryrker der det er bruk av datamaskin og kommunikasjon via epost, telefon og tekstdokument som ein treng i kvardagen. Møter kan no òg gjennomførast digitalt utan at alle treng å vere fysisk til stades på same plassen. Stryn kommune bør difor legge press på både Stortinget og Fylkestinget om at dei må arbeide for at ein langt høgare del av offentleg administrativt tilsette i staten og fylket, samt tilsette i selskap der stat eller fylke har eigarskap, som utfører administrativt arbeid som ikkje må utførast på ein bestemt fysisk plass, må få mogelegheita til å verte tilsett utan fast lokalisert arbeidskontor, med heimekontor som hovudstad for arbeid. Dette vil kunne føre til at fleire vil vurdere å busette seg i ein distriktskommune.

Det er ikkje tvil om at det vert løyva for lite midlar til vegar i distrikts-Noreg. I staden for å byggje ut meir vegkapasitet i sentrale strøk der vegane allereie er størst, må det nyttast meir pengar på å vedlikehalde vegane vi allereie har. Store nyinvesteringar bør først og fremst nyttast der det er nødvendig for å betre trafikktryggleiken. I store delar av landet trengst det rassikring, og sentrale fylkes- og kommunevegar må utvidast slik at dei vert breie nok til å ha gul midtstripe. Buss-tilbodet i distrikts-Noreg er både dårleg og dyrt. Kollektivtransporten i distrikta må styrkast av omsyn til både miljøet og innbyggjarane.

Det er viktig å stanse nedbygginga av lokalsjukehus. Det ser vi mellom anna med Helse Møre og Romsdal sitt særs dårlege vedtak om å flytte rehabiliteringstenestene på Mork i Volda til Ålesund sjukehus. Kampen for lokalsjukehusa vil bli mykje enklare om den skadelege helseføretaksmodellen vert fjerna, slik at ein kan få sikra betre og meir demokratisk kontroll over sjukehusa.

Landbruksoppgjera må sikre norske bønder ein betre inntekt, og i større grad stø opp om små og mellomstore bruk. Eit betre industrikraftregime som sikrar fastlandsindustrien lågare straumutgifter er òg viktig for distrikts-Noreg. Vidare må kommunane og fylkeskommunane sin økonomi styrkast, slik at ein kan få ein betre kvalitet og fleire tilsette i dei sentrale velferdstenestene i både kommunal og fylkeskommunal sektor.

Anders Hamre Sveen

leiar av Raudt Stryn