Utviklingsforum Hovden Lufthamn ser svært positivt på at regjeringa no vil gjennomføre sine lovnader frå Hurdalsplattforma om å redusere billettprisane og styrke rutetilbodet på FOT-rutene på kortbanenettet.

Dette var lovnadane frå regjeringa i oktober 2021:

- Ta initiativ til å erstatte dagens flypassasjeravgift med en avgift som har reell klimaeffekt og bedre geografisk profil, slik at distriktsarbeidsplasser og rutetilbud ikke rammes urimelig slik som nå

- Sikre lavere priser og flere avganger på kortbanenettet. Målet er en halvering av prisene på FOT-rutene

- At staten skal ha ansvaret for FOT-rutene

- Opprettholde et godt, desentralisert nett med kortbaneflyplasser og sørge for at disse brukes i arbeid med elektrifisering av luftfarten, blant annet gjennom et program for teknologiutvikling Ørsta-Volda Lufthamn Hovden betjener eit befolknings-område på 70.000 menneske, den yter ei stor samfunnsnytte innen transport og kommunikasjon for over 100.000 reisande pr år, og gir grunnlaget for at mykje av næringslivet får tilferdsstillande rammevilkår i konkurranse med meir sentrale strok. Det gir betre flytilbod og vil styrke etableringslysta og generere nye og trygge arbeidsplassar.

Pressemelding frå den nylege framlagde stortingsmeldinga Meld.ST 10 (2022-2023) syner at regjeringa no vil effektuere lovnadane i Hurdals-plattforma og gjennomføre ei berekraftig og sikker luftfartsatsing for distrikts-Norge. Ein vil prioritere at befolkning og næringsliv skal ha god tilgjenge til lufthamner med tilstrekkelig rutetilbod til ein overkomeleg pris. Dette kan dei gjennomføre ved å styrke FOT-rute systemet som er eit kjøp frå det offentlege gjennom ei konkurranse-utlysing frå staten til flyselskapa.

Ørsta-Volda Lufthamn har vore inn og ut av denne ordninga i fleire bolkar, og ein erfarer at FOT-rutesystemet er nødvendig for å oppretthalde eit forsvarleg flytilbod for regionen. Det er nødvendig for Søre Sunnmøre dersom næringslivet skal kunne konkurrere i den stadig skjerpande marknaden både nasjonalt og internasjonalt. Ørsta-Volda Lufthamn er med på å trygge hundrevis av lokale arbeidsplassar i vårt distrikt.

Utviklingsforum Hovden er svært optimistiske over dei signala som no kjem ved den nye anbodsrunda som skal starte i 2024, vi ser at tiltaka vil vere med å trygge og utvikle potensialet til lufthamna. Hovden vil bli meir robust som ei av dei største lufthamnene på kortbanenettet i Norge, det vil gi eit tilbod i rutefrekvens og kapasitet som gir auka bruk og attraktivitet.

Sommaren 2023 skal det gjerast viktig vedlikehald ved lufthamna, der berelag og banedekke skal fornyast. Det same gjeld alle innflygingslys og banelys. Avinor arbeider med ein langsiktig masterplan for vidareutvikling av lufthamna når det gjeld bygnings- og publikumsfacilitetar samt utviding av parkeringsareal. Møre og Romsdal Fylkeskommune har også lagt til rette for flybuss til Hovden. Dette er viktige og naudsynte tiltak som rustar opp og tilrettelegg for ein auka trafikk i åra som kjem.

Ved at Samferdselsdepartementet vil legge til rette for meir berekraft og tilpassa prisar, fører automatisk til meir attraktivitet og auka bruk av Hovden. Lågare prisar vil auke konkurransekrafta til Hovden, og reisande frå Søre Sunnmøre vil kunne bruke si lokale lufthamn som det naturlege og mest gunstige valet. Det gir kortare reisetid og god frekvens på flygingane, noko som gir tidsgevinst.

Ørsta-Volda Lufthamn har i dag over 100.000 reisande pr år, dimensjoneringa for inneverande anbud er opp til 130.000 reisande pr år. Utfordringa vil vere at Hovden allereide har ein høg beleggsprosent på mange av flygningane slik at det her må bli ein auke i kapasiteten. Med ei halvering av prisane slik det har vore antyda, vil det sansynlegvis vere eit behov for ein sete-kapasitet på 150.000 reisande pr år.

Hovden Utviklingsforum ser svært positivt på at Samferdselsdepartementet no vil starte effektueringa av regjeringa sin lovnad i Hurdalsplattforma. Møre og Romsdal er eksportfylket nr 1 i Norge, og Ørsta-Volda Lufthamn er fylket sin einaste kortbaneflyplass, og hittil har 60% av trafikken vore relatert til næringslivet. Forumet gler seg til at prisnivået kjem ned mot eit nivå som vil kunne gi innbyggarar og bedrifter eit flytilbod som både harmonerer og konkurrerer med det som er vanleg i norsk luftfart.

Vi ser også at departementet vil satse på kjøp av flyruter der marknaden ikkje gir eit tilfredsstillande flyrutetilbod. Det må bety at eit tilbod til Trondheim frå Hovden fell innfor denne prioriteringa, det er ei rute som i dag ikkje har tilfredsstillande tilbod verken med buss, båt, fly eller bane. Søre Sunnmøre er ein stor region som må reise via Ålesund / Oslo eller Bergen for å kome seg nordover.

Trondheim er dette distriktet sin «hovudstad» i høve helsetjenester, der St Olavs er regionen sitt universitetssjukehus og leveranse av spesialisthelsetjenester. Ei Trondheimsrute ville også ha ei positiv avlastande effekt på Hovden sine ruter til Oslo, som ofte er fulle, ved at dei reisande ville kunne reise direkte til Trondheim. Dette gir miljøgevinst, kortare reisetid og ein viktig fordel for ei stor sårbar gruppe relatert til helsereiser.

For Utviklingsforum Hovden Lufthamn:

Odd Magne Vinjevoll, Ørsta Næringskontor

Jan Tormodsæter, Maritim Foreining Søre Sunnmøre