2023 blir eit spennande år! Vi får vone det blir eit godt, tenleg og fredeleg år for oss alle! Utfordringane synest vere mange, både for enkeltmennesket og for verda. Men som han sa son vår ein dag vi sette verdskrisa under debatt: «Klimaet kan vi vel ikkje gjere så mykje med, klimaforandringar har det alltid vore, men miljøet kan vi gjere noko med!»

Difor helsar eg med glede ideen om at vi ikkje kan kjøpe ubegrensa antall av plastbæreposar lenger - for kva er det vel ein finn mest av i fjøresteinane, på strendene og i havet, jau, plastposar! Litt bæreposar må vi ha, vi samlar jo restavfall i dei, men vi kan godt ta med handlenett heimanfrå. Når ein plastpose kostar berre 2–3 kroner, så kjøper vi like godt eit par stykke kvar gong vi handlar.

Det snakkast mykje om bærekraft. Ja, kva er eigentleg det? Kanskje er plastposen bærekraftig, vi brukar den jo om igjen! Det er sanneleg ikkje enkelt alltid å skulle vite og gjere det rette.

Etter jul og utover i nyåret har eg ein konkurranse med meg sjølv - kor lenge kan det gå før eg treng å handle? Vi handlar jo alltid inn for mykje til jul. Fantasien er stor og stadig nye rettar ser dagens lys. ikkje alt er like vellukka og blir ikkje alltid motteke med applaus! Då seier eg ofte: «Gå og reinsk ansjosane dine du! Eg serverer ingenting som ikkje kan etast om det ikkje er det beste du veit!» Gemalen min er nemleg så glad i juleansjos - og et det heile året om han finn det. Her før jul kjøpte han nemleg feil - ein stor boks med heil Juleansjos, ureinska! Godt pålegg, men det er litt arbeid med å reinske. Kjedeleg er det og! Det var «kara-arbeid» å reinske ansjos i min barndomsheim, saman med det å skjære opp spekeskinke og spekelår! «Ansjosen skal ikkje kastast, sjølv om dei er små og vanskelege å reinske! Det blir ikkje kjøpt ny ansjos av meg!»

Som de skjønar går det ofte «ei kule varmt» i vårt kjøkken - som eg stort sett regjerer over åleine! Mat skal ikkje kastast! Ein ser ofte at mykje god mat vert kasta i søpla. «Best før, men ikkje dårleg etter utløpsdato». Synest for øvrig at matvarebutikkane er blitt flinke til å tilby mat «som går ut på dato» - og det kan vel kome vel med no når matvareprisane skal stige! (Ser akkurat på TV no at 1.200 tonn med god mat går i søpla i dag. Skræmande!

Eg har nyleg fått innstallert Wattn-appen på telefonen min. Spennande og interessant! Kan ikkje seie eg føl den slavisk. Kan vel ikkje spare så mykje, men eg sløsar ikkje! Slær av lyset på rom der vi ikkje oppheld oss og når vi går ut av huset, har sett ned innetemperaturen nokre grader, tek heller på ein ekstra gensar eller stillongs.

Folk i land der straumen er verkeleg dyr, er jo heilt forskrekka på kor vi sløsar med straumen. Uansett straumkrise og appar, så trur eg at dei høge straumprisane har fått folk flest til å tenkje oss litt om - og ikkje misbruke «miljøet!»

I dag har eg vore på Seniorfilm i Kulturhuset og sett filmen «Kampen om Narvik». Etter mitt syn ein god film, ærleg og sikkert nokolunde autentisk. Veldig aktuell akkurat no, med den grusome krigen i Ukraina som bakteppe. Ganske lik kvardagen til folket i Ukraina vil eg tru. Det som gjorde særleg inntrykk på meg var den unge, tøffe kvinnelege hovedpersonen i filmen. I dei fleste krigsfilmar er det soldatane, «dei stridande», det handlar om, det er dei som er i fokus. Ikkje så ofte at ei så ung mor har ei så «sterk røyst». Eg sat og tenkte på den gongen for nokre år sidan eg og ei venninne var i London på besøk til Sjømannskyrkja. Det var rett før jul og i nærleiken av der vi budde, var det ei julemesse. Nokre Lotter hadde stand. Dei delte ut pins og brosjyrer. Vi kom i prat med dei og dei fortalde at dei ville prøve å reise eit fond for å setje fokus på lottene sitt arbeid under krigen. Dei meinte at dei var blitt gløymde i historiebøkene. Med fare for eige liv med mykje smitte og pandemiar gjekk dei på lasaretta og stelte både venn og fiende, ofte med provisorisk utstyr til å hjelpe seg med. Eg hadde ikkje tenkt så mykje på akkurat det, men vi vart fasinert av dei, så vi kjøpte både julepynt, julekort og donerte litt til formålet. Vi vart varmt takka, veit dessverre ikkje korleis det gjekk med dei vidare. Ikkje på nokon måte til «forkleinelse» for «dei stridande», men jamen «stridde» dei, dei som var heime og - ektemakar, kjærestar og mødre!

Dette vart gjerne litt tungsindig på nyåret, men eg er ikkje tungsindig. Eg har nettopp «kasta ut» jula, kosar meg med restane av juledekorasjonar som eg synest er for fine til å kaste, kveikjer levande lys, har små, enkle «julegjestebod» der eg bl.a. serverer restar av julekakene mine. Alle julekakene mine er oppetne, så nær som seks kromkaker og fire havrekjeks (ein fin måte å få oppetne alle sju sortane er å ha kakeboksane ståande på kjøkkenbenken). Uansett sola har snudd, det blir lysare og lysare for kvar dag, sjølv om vi ikkje har fått att sola enno!

Sist laurdag opplevde eg noko for første gong her i Indre Nordfjord. Vi kom køyrande frå Eid «tidleg ein laurdagsmorgon» etter å ha hatt den glede å køyre eit barnebarn ned til Eid der han skulle møte handballaget sitt for å reise til Bergen på kamp. På veg heim opplevde vi ein fantastisk morgonrode på austhimmelen. Eg er sjelden så tidleg oppe at eg har sett det før og vi har ikkje vindu mot aust, så dette var ei ny flott oppleving. Vi stoppa for å ta bilde, men eit foto kan ikkje måle seg med naturen! Skulle ta eit bilde av strynebygda, men då vi kom så langt, var morgonhimmelen bleikna. Morgonroden hadde gjett tapt for dagslyset! Carpe Diem!

Anne Margrete Tonning

(som «diggar» jula)