Sommarferien nærmar seg slutten. Skuleungane har i år 8,5 veke sommarferie. Det seier seg sjølv at for mange har kabalen vanskar for å gå opp med tanke på eigen ferie der dei fleste får 3-4 veker om sommaren. I år er det første gong nokon sinne at det er moglegheiter for sommaropen SFO i Vikane, Olden, Loen, Oppstryn og Nordsida (ved nok påmelde barn). Tidlegare har alle utanfor Stryn fått tilbod om SFO på Tonning skule. Altså ikkje eit reelt tilbod for dei fleste frå bygdene. I haust løfta Stryn Høgre fram fleire punkt for å gje foreldre ein lettare kvardag. Sommaropen SFO var eit av punkta. Vi fekk redusert minstekravet frå 10 til 5 påmelde barn. Dette er eit stort løft for SFO tilbodet i Stryn kommune, men vi ser at ved nokre skular er det vanskar med å fylle minstekravet om fem barn enkelte dagar eller det kan medføre at ein ikkje får tilgjengeleg SFO. Det vil seie at ved dei mindre skulane våre, så vil tilbodet kunne variere frå år til år. Dette meier vi i Høgre er lite forutsigbart og vil jobbe for at vi skal ha tilgjengeleg SFO på alle skulane våre - uansett antall barn. Dette er eit viktig tiltak for å sikre at folk vil bu i bygdene våre!

Vi fekk også gjennomslag for moglegheit for utvida opningstid i barnehagen og at barnehagen ikkje skal vere stengt i heile juli. Dette er tiltak vi vil sjå nærmare på etter evalueringa frå i vår. Vi ønskjer i utgangspunktet sommaropen barnehage der det er behov for det. Vi vil rose administrasjonen for at dei tok raskt tak slik at vi politikarane fekk vedta desse gode tiltaka. Dei tilsette skal også ha ros for å tilpasse seg ein ny kvardag på kort tid. Dette er viktige tiltak for småbarnsfamiliane i Stryn kommune.

Vidare vil vi i Høgre utgreie 5 dagars skuleveke, då vi ser dette som det beste alternativet for elevar og lærarar. Vi vil ha meir leik i første klasse. Skulen skal setje den enkelte elev i sentrum og ha eit godt støtteapparat rundt elevane våre. Vi ønskjer at SFO skal ha tett samarbeid med kulturskulen og kulturorganisasjonane i Stryn. Kontinuerleg barnehageopptak er eit viktig tiltak som vi vil fortsette med, der alle barn skal ha rett på barnehageplass ved fylte eitt år eller ved nytilflytting.

Vi må tørre å tenkje nytt, ikkje gå i det same mønsteret år etter år. Tidene har forandra seg. Vanene forandra seg. Familielivet har forandra seg. Det er vanlegare at begge foreldra har 100% arbeid. Og vi ønskjer at flest mogleg arbeider 100%. Ikkje alle har besteforeldre eller anna familie som kan trå til ved stengt barnehage eller SFO. Og Stryn kommune skal vere ein plass for alle!

Frå 10. august kan du førehandsrøyste. Har du ein hektisk kvardag, benytt deg av denne moglegheita, det skal eg!

Ellen Hilde Hauge 3. kandidat Stryn Høgre