Utfordringane som helse- og skulesektoren beskriv, også i Stryn, er noko som vi med politisk engasjement, absolutt bør engasjere oss i.
Helse- og sosialutvalet (HSU) 01.06.2023 handsama sak om koordinerande tenester og barnekoordinator.
Kommunalsjef for helse- og sosial og kommunedirektør viser til lovkrav (frå 01.01.12) om å tilby koordinator og individuell plan til brukarar med behov for langvarige og koordinerande tenester.
Endringar i velferdslovene for kommunale tenesteytingar, 01.08.2022, og lovheimel om å tilby funksjonen barnekoordinator førte til at kommunane fekk tilført auka rammetilskot. Stryn kommune fekk 283.000 kr. Dette tilsvarar 40% stilling på årsbasis og ligg allereie inne i budsjettet.
Stryn kommune har 30 - 40 brukarar med behov for koordinator og/eller individuell plan. Faginstansen sjølv viser til utfordringar med å delegere dette til ulike aktørar og ynskjer å samle dette til ei koordinatorstilling for dei som har hjelpebehov. Budsjettvedtaket for 2023 er ikkje sett i verk og administrasjonen ønskjer å lyse ut ei 100%-stilling frå hausten. Det vil ikkje ha økonomiske konsekvensar for 2023, men legg føring for budsjettet for 2024.
Dette tiltaket ville, etter vår meining, styrka både helse- og omsorg og skule- og barnehage ved å frita mellom anna pedagogar frå å ha koordinatorrolla. I utvalsmøte stemte representantane frå AP og V for at det burde opprettast 100% koordinatorstilling frå 01.09.2023 i tråd med kommunalsjef helse- og sosial og kommunedirektøren sitt ynskjer og behov. Det ville fleirtalet ikkje vere med på. (Ap og V har 3 røyster mot H og Sp 4 røyster.) AP er oppteken av heiltidskultur og ynskjer tilsette i faste og heile stillingar. Å opprette 40 % stilling som koordinator no og vidare å eventuelt auke dette opp etter nyttår vil vere lite hensiktsmessig og langsiktig i høve rekruttering og jobbsikkerheit.
Vi meiner at vi må høyre på administrasjonen si faglege vurdering om å følge opp lovkrav, når dei ber om koordinator i ei 100% fast stilling allereie frå hausten.
Stryn Ap vil arbeide for ei løysning med ei permanent koordinatorstilling i 100%, for stabilitet for tilsett og for dei menneska som har omfattande hjelpebehov.
Anita Linda Pettersen Almskår og Haldor Hove
Stryn Ap