I 1891 bygde dei eit kraftverk i Hammerfest og vart den første byen nord for polarsirkelen som fekk elektriske gatelys. Dette vart starten på ei storstilt kraftverkutbygging i Norge.

Målet var å skaffe sikker og billeg straum til alle innbyggarane i landet. Mange plassar vart det bygt ut mykje straum og dette vart starten til den industrielle utviklinga i landet. Små og store bedrifter dukka opp og det vart gode arbeidsplassar. Det var billeg straum og dyktige folk, som torde å satse og hadde ein draum om ei betre framtid.

Mange av desse bedriftene er i dag solide og gode arbeidsplassar. Det var nokre private utbyggarar, men det meste vart bygd av kommunar, fylke og av staten. Pengane vart bevilga over budsjetta og av lån. Det var skattepengane til innbyggarane, som til slutt betalte heile greia. No er nesten all vasskrafta som er råd å bygge ut, utbygd.

Investoren Øystein Stray Spetalen skreiv ein gong, at kraftverka og straumen er folket sin eigedom. Det er ikkje stortinget, regjeringa, EU eller straum-meklarane sitt. Dei som er folkevalde er valde av folket og skal vere folket sine tenarar. No har vi smerteleg erfart at denne tenesta har vore dårleg utførd.

Då Gro Harlem Brundtland var statsminister, stemde folket nei til EU-medlemskap, men ho lurte oss inn i EØS. Det skulle etter grunnlova vere folkeavstemming då og, men det vart det ikkje. Sidan har Norge vore flinkaste i klassen til å føre inn EU-direktiv, så no har vi ikkje råderett over ressursane våre lenger. Vi som før hadde billegaste straumen av alle, får no nokre mektige straumrekningar.

I siste valkampen vart det sagt at no var det vanlege folk sin tur. No har vanlege folk vanskar med å betale rekningane sine, dei lever i fattigdom og står i matkø. Produksjonsprisen på straum i Noreg, er mellom 6 og 11 øre pr Kwh levert på «døra». No har eg sett straumprisar på over 6 kr pr Kwh. Dei har dobla produksjonsprisen 55 gonger. Kven er det som styrer straumprisane? Er det ingen som tenker på det moralske ansvaret, dei lagar fattigfolk av dei som før klarte å betale rekningane sine. No er vi straumkjøparar fanga. Vi har ingen andre å gå til. Har ikkje regjeringa eit ansvar og kan vise handlekraft, når straumprisane fyk til himmels? Eller er det EU som styrer her og?

Pål Heggestad