Personar som har ei funksjonshemming eller sjukdom over lang tid, er avhengig av at både fagpersonell og planleggarar forstår utfordringane desse personane har med den fysiske og psykiske helsa. Kva skal til ved eit spesialistreabiliteringsopphald og kva er viktig for den enkelte? Vi kan få inntrykk av at dei fysiske lokala ikkje betyr noko, men det gjer dei. Einerom med bad, fellesareal, miljø, kultur, uteområde, utsikt, støtte frå familie og vener, alt er viktige faktorar i rehabiliteringsperioden. Det er snakk om langtidsopphald over veker og ofte månadar. For mange må det fleire langtidsopphald til.

Fagmiljøet skal finne det beste i kvar enkelt og få det beste resultat ein kan oppnå under rehabiliteringsopphaldet. Det reint medisinske er ein del – heilheitleg rehabilitering er mykje meir. Respekt og verdigheit er grunnlaget – det er svært krevjande å gjennomføre ein rehabiliteingsprosess både for den det gjeld og for familien. Framtidsretta helsetenester må formast i tett samarbeid med brukarane.

Samfunnet er avhengig av at folk kan få god og tilstrekkeleg behandling for så å kunne kome heim og attende i arbeid. Som lokalpolitikarar og leiarar i Arbeidarpartiet vil vi støtte opp om alle organisasjonane, som har meldt inn krav om at habilitering/rehabilitering treng eit løft og ein ny nasjonal handlingsplan.

Den store muren av motstand mot å flytte rehabiliteringstilbodet frå Mork rehabiliteringssenter og inn på Ålesund sjukehus – som har dei «dyraste sengane» – kjem direkte frå brukarane sine opplevingar og erfaringar. Dei veit kva som fungere best, og det må ein lytte til. For nokre år sidan vart Nevrohjemmet lagt ned med store lovnadar om at brukarane skulle få eit minst like bra tilbod på fysikalsk medisin og rehabilitering i Ålesund – og kva skjedde? Her bør ein evaluere og lære av prosessen. Vi har også sett same «modellen» innan psykiatri. Døgnposten ved Sjøholt DPS vart lagt ned i 2019, det skulle heller ikkje gå ut over pasientane. Situasjonen har aldri vore meir prekær enn i dag.

Avisa Møre-Nytt framheva at Mork Senter har vore nedleggingstruga i 30 år. Det er i alle fall ikkje grunngjeve i fag, og skal tilbodet oppretthaldast er det heller ikkje noko å spare på økonomien. Kvifor denne iveren etter å bygge ned noko som fungerer?

• Sjukehustilbodet i Ålesund kan ikkje erstatte det heilskaplege rehabiliteringstilbodet på Mork senter

• Kostnadane ved rehabilitering ved Ålesund sjukehus kjem ikkje fram

• Brukarundersøkingar er ikkje eit grunnlag i vurderingane

• Saka må utsettast og utgreiast med sterk medverknad frå brukarane, tilsette og kommunane som alle er part i saka.

Hanne Notøy, leiar Ulstein Ap

Karen Høydal, leiar Ørsta Ap

Sverre Leivdal, leiar Volda Ap