Vi er allereie komne langt ut i mai, det er ei fin tid, våren er komen langt på mange vis, men mildt har det vel eigentleg ikkje vore. Det blit ikkje vanskeleg å finne grønt bjørkelauv til å «pynte bruene» og talarstolen med på 17. mai i år. Naturen vaknar til liv og nokon kvar kan bli «våryr»!

I vår har eg vore mykje oppteken med å hjelpe til med bryllaupsførebuing. Det vart eit flott brudlaup, ein «eventyrleg» bryllaupsfest på Gamle Innvik Ullvarefabrikk. Det var ikkje akkurat mildt vårvær men mykje menneskeleg «varme» og glede.

Mai er russetid og eksamenstid. Eg har tenkt mykje i vår tilbake på mi «russetid» på Firda for 56 år sidan. Vi vakte rundt natt til 17. mai. Vi hadde ikkje flust med pengar, men vi sparte og kosta på oss «russefrukost» på Sivertsen Hotel. Vi gjekk i tog i anstendige drakter i rødt med jakke eller bolero, skjørta gjekk så vidt nedom knærne - vi gjekk i høghæla skor, hadde russelue, ei stor og ei lita, bambudstokk - vi hadde ymse russerop og skreik oss håse! Russebilar hadde vi ikkje - og alle var med!

Etter 17. mai var det lesing til eksamen. Litt festing var det nok den gongen og, men vi var ikkje til plage for naboar og omverda, slik eg hugsar det. Russetida var så kort! Russekort leverte vi ikkje ut utan at vi i alle fall skreiv russenavnet vårt på med ei helsing. Dei som spurde fekk, men vi kasta dei ikkje berre rundt oss til forsøpling på gatene og til forskrekkelse for dei som les kva som står på ein del russekort no for tida. I dag er mange tekstar og bilde så vulgære at eg er glad dei fleste «russekortsamlarane», ikkje kan lese!

Såg i Firda Tidend på forrige fredag at eitt par damer stod fram med fullt navn og bilde og skreiv under overskrifta «Amazing russefeiring». Dei hadde og lagt merke til eitt par russebilar som hadde «rulla» rundt på vegane i Nordfjord siste vekene med navn måla på frontruta, navn eg mest ikkje vil ta i min munn, lavmål og barnsleg! Skjønar godt at dei ikkje vil ha navna sine på som eigarar av bilane.

Dette er ungdom som feirar at 13 års skulegong er over, etter mi meining er ikkje skulegongen over før du har bestått eksamen (ein bør vere glad for at ein i det heile både kan og får høve til å gå på skule). Dette er ungdom som vart «vaksne» ved konfirmasjonen, dei kan gjerne stemme til hausten òg!

Ja, eg seier ikkje meir, men eg tenkjer mitt! Skjønar ikkje at jentene finn seg i det, dei kan i alle fall ikkje bli imponerte! (Ser av og til i fjernsynet at trailerar blir stoppa i kontroll og sjåføren gjerne får påbod om å fjerne «forstyrrande element» på dashbordet. Ein kan gjerne køyre av vegen om ein møter ein av desse russebilane. Stod det verkeleg» «Fittesaft» på frontruta? Kan ein verkeleg tillate seg alt, berre fordi ein er russ? Eg ser og med uro på hendingar i høve store russestreff. Godt vi har eit oppegåande helsevesen, men bør det vere ei av primæroppgåvene til hardt belasta sjukehus, prøve å berge liv og helse etter utagerande og «Amazing russefeiring»?

Såg for nokre dagar sidan på TV at i 1978 la regjeringa v/ Oddvar Nordli ned forbod mot bruk av skateboard, (forbodet vart oppheva i 1989). Trudde eigentleg ikkje at dette var sak på regjeringshald. Då synes eg verkeleg at regjeringa burde vurdere å forby russefeiring før eksamen (så vidt eg veit er det berre Norge som har slik russefeiring), kanskje med unntak av 16 og 17. mai! Det blir sagt til forsvar for russefeiring at det sveisar saman elevane, dei skapar

gode minne osv (no skal dei no snart skiljast). Jammen ser eg mykje utestenging og - ikkje alle har råd til å vere med på denne voldsomme «feiringa» heller.

Som de skjønar, mine trufaste lesarar, så har eg vorte mektig provosert over ein del russebilar i vår og dei «signal» dei sender ut Er det dette som er frigjering og «ytringsfridom»?

Nok om det! Lat meg få sagt det med ein gong: Vi har mykje kjekke barn og flott ungdom i Stryn og bygdene rundt! Eg trur på ungdomen, nokre få skal l ikkje få ødelegge for alle!

Her ein kveld fekk eg besøk av yngste barnebarnet vårt, han kom med ei idrettsbukse som hadde gått opp i saumen, om eg kunne «fikse» den. Han veit at eg har symaskina ståande framme heile tida - eg likar å sy, særleg omsaum og lapping. «Ja, og så var det denne sokken om eg kunne bøte den?» Han viste meg ei kvit joggestømpe av merket Nike, heilt rakna bak og med hol på hælen. «Nei,det går ikkje» sa eg, «den er heilt øydelagt!» «Du kan no prøve i alle fall før du seie nei!» «Positiv tenking! Er det fordi det står Nike på sokken og at du har fått den med amerikanarane at du vil ha den reparert?» «Nei, det er yndlingssokken min!» Besta sydde og stoppa på beste vis. Yndlingsklede har vi vel alle! Bærekraft?

Eg hadde stor glede av å arbeide dugnad i lag med «ungdom», rett nok «eldre» ungdom i høve den storarta bryllupsfesten til son vår og kona på Gamle Innvik Ullvarefabrikk nyleg. Slike flinke og kjekke ungdomar - godt humør, stå på vilje, problemløysarar og med god greie på bil! Jau, eg trur både på den oppveksande og den vaksne ungdomen. Nokre få skal ikkje som sagt før, få ødelegge for alle!

God 17. mai! Heis flagget, ver takknemleg for at vi bur i eit fritt land. 17. mai betyr mykje for oss med Grunnlova og ytringsfridomen bl.a. men den bør og skal brukast med forstand. Stor fridom, men også ansvar!

Anne Margrete Tonning

Russ 67