Min far har arbeidd på gard sidan han var 10 år. Naturen er den tryggaste og beste staden for han å vere. No bur han på Stryn omsorgssenter, og går dagleg ut i sansehagen, der han kan kjenne lukta av friskt gras, sola som varmar, og fuglar som kvitrar. Og kanskje det viktigaste av alt; han kan gå ut i hagen når han sjølv ynskjer det, for hagen er eit trygt område der ein ikkje går seg vill.

Kommunestyret vedtok tirsdag 13. juni, at i denne hagen skal det byggjast påbygg til omsorgssenteret. Vi er nøydde til å ha eit nytt bygg, og bygget skulle stått ferdig i går, det kan vi vere einige om. Men kvar bygget bør stå, der er vi svært uenige. Der er fleire alternativ til stadar å bygge, og eg lurer fælt på kvifor politikarane klamrar seg til ei over 10 år gamal skisse? Eg høyrer ingen tidsplan eller økonomisk plan bli lagt fram i kommunestyremøtet, og lurer på kva grunnlag ein har for å seie at andre alternativ vil ta lenger tid og bli dyrare?

Og kvifor er det nærast ingen, bortsett frå Ap, som snakkar om livskvaliteten til dei som bur på omsorgssenteret? For livskvalitet skal ein også ha når ein bur på eit omsorgssenter. Og ein skal vere forsiktig med å setje ein prislapp på livskvalitet.

I kommunestyremøtet blir det m.a foreslått å lage ein paviljong der ein kan trille ut bebuarane. Dette vitnar om lite kunnskap om populasjonen på eit omsorgssenter. Det er ikkje slik at alle er bevegelseshemma. Bebuarane på eit omsorgssenter er like forskjellige som bebuarane utanfor eit omsorgssenter. Mange av bebuarane treng ein plass der dei kan gå, ja eg har sett dei som spring i hagen. Når eg ser på storleiken på dei grøne flekkane i planane for utbygginga, er det sitjeplassar vi snakkar om.

Min far treng sansehagen. Det er ein grunnleggande menneskerettigheit å ha tilgang til frisk luft, og sansehagen gjev han moglegheit til å gå ut i naturen når han sjølv treng det. Det gjev han identitetsbekreftande opplevingar, noko som er grunnleggande i personsentrert omsorg som er ein vedtatt strategi i demensomsorga. Eg ber politikarane om å bevare sansehagen og at det vert utreda for fleire alternativ som gjer det mogleg å bevare denne viktige og levande lunga for ei svært sårbar gruppe!

Tysdag 13. juni heldt demenskoret sin fyrste sommarkonsert i sansehagen. Dette skjedde paradoksalt nok omtrent samtidig som at det på andre sida av gjerdet vart gjort vedtak om å bygge ned sansehagen. Hagen var full av barn og menneske i alle aldrar. Det var musikk, god mat, leik og latter. Koret song treffande nok: «Vi lever! For livet skal vi slåss, så lenge det går blod i gjennom oss!».

Liv-Jorun Bergset,

pårørande