Først litt om historia. Fram mot vedtak av første byggjesteg i 2012 var det gjennomførd ein grundig prosess. Det vart planlagt ei utbygging i to steg, med stor vekt på å gje bebuarane ein god plass å bu. Samtidig må drifta av sjukeheimen vere så rasjonell som muleg. Dette er avgjerande både for dei tilsette og for økonomien til kommunen.
Under første byggjesteg vart infrastruktur lagd fram til bygg 2. I påvente av dette bygget vart hovudhagen stor, om lag 2.800 kvm. Planlagt bygg har grunnflate på om lag 700 kvm.
Den store hagen blir redusert, men det er frå administrasjonen føreslege avbøtande tiltak med 490 kvm uteplass på austsida. I tillegg er det og om lag 1.400 kvm med hage i skråninga bak omsorgssenteret. Her er det også ei hagestove som kan innreiast og takast i bruk.
Ved å forkaste dagens planar tapar ein minst eitt til to år, bygget blir betydeleg dyrare og sist men ikkje minst vesenteleg høgare driftsutgifter. Med slik auka i driftsutgifter, har ein to alternativ. Anten å kutte i andre tenester, eller å auke inntektene, dvs. auke eigedomsskatten. Det siste har ofte vore Ap sitt alternativ. Det undrar oss også at det no skal vere rett å starte ein prosess for nytt bygg på eit tomt med uavklart eigarforhold.
Arnljot Sæternes og Rune Myklebust,
for gruppene til Høgre og Senterpartiet