Venstre vil ha oppstart snarast på strekninga mellom Grodås og Hellesylt. Vi har venta lenge nok.

Fleire alternativ for fv 60 har vore utgreidd tidlegare. På fylkesvegkonferansen på Stranda i april vart det skissert fleire/nye trasealternativ på strekninga Grodås – Hellesylt. Konstruktive innspel har kome, men no er det først og fremst naudsynt å kome til ei løysing.

Etter grundige og gode prosessar vart traseval gjort av Hornindal og Stranda kommuner. Dette alternativet har lege til grunn for arbeidet som er gjort så langt. Alternativet føl ei lang strekning av eksisterande veg. Det er lite bebyggelse langs traseen, men den må sikrast mot beitande dyr. Når vegen kjem forbi Taraldset kryssar den dalen og kjem inn på eksisterande fv 60 ved Raftevold. Det vert ikkje stor utfordringar i byggeperioden sett i høve til om ein skal nytte eksisterande trase.

Noverande fv 60 ligg tett opp til dei fleste gardstun innover dalen. Det vil skape utfordringar i byggeperioden.

Venstre går ut frå at vegen skal ha 80 km/t fartsegrense. Det er mykje tungtrafikk på strekninga, og i sommarhalvåret mykje busstrafikk. Sidan bebyggelsen ligg så nær opp til vegen vil den store trafikken skape mange farlege situasjoner. Det vert mange avkjøyrsler til gardane innover dalen, noko som er kostbart. Den einaste måten å gjere det trygt for mjuke trafikantar er å bygge gang og sykkelveg. På dei plassane der gardstuna ligg på begge sider kan det verte vanskeleg.

Ved å nytte vedteken line blir noko dyrka mark og noko beiteområde råka, men skal ein få veg med gulstripe og gang/sykkelveg kjem ein ikkje unna.

Venstre er opptatt av å hindre eller minimere naturinngrep og at matjord blir skjerma også ved vegutbyggingar, men sett opp mot m.a. trafikktryggleik ser vi ikkje at skilnaden vert så stor at det vil vere avgjerande for linevalet.

Skal ein velje ny trase må det ny planlegging og handsaming til. Vi treng ikkje nye forseinkingar. Venstre meiner difor at ein må nytte vedteken trase og at vidare arbeid må forserast.

Pål Farstad, 1. kandidat fylkestinget Møre og Romsdal Venstre

Brynhild Lund Notøy, 1. kandidat Volda Venstre