Etter innlegget til Anita Linda Pettersen Almskår (Ap) på Facebook etter siste kommunestyremøte, er det grunn til å spørje om Ap ser sansehage viktigare enn ei rask løysing for byggesteg to ved Stryn omsorgssenter. Er svaret ja må dei gjerne be om mobilisering for sansehagen.
Er svaret ja takk begge deler, må dei rekne med auka kostnader og lang ventetid. Er svaret ja det hastar med ombygging/utbetring så ligg det i vedtaket som vart gjort med røystene til Høgre, Senterpartiet, KrF, Frp og Venstre.
At planane er gamle er rett, men det skuldast mellom anna at kommuneøkonomien ikkje kunne tillate byggestart for begge omsorgssentra samstundes. Innvik var prioritert først, og har fått ei god løysing. No står Stryn Omsorgssenter for tur, og det hastar.
Helse og sosialsjefen gav ei god og fyldig utgreiing om møte med arkitektane og skisserte ei mogeleg løysing som ville berge meir grøntareal enn det som låg i den gamle skissa. Det kom også inn som eit nytt punkt i fleirtalsvedtaket.
Kommunedirektør Jon B. Nesje gav eit godt oversyn, og kom med tankar om framtida. Det kan vere aktuelt å flytte Tonning barnehage i framtida og omdisponere til bygningar knytt opp mot eldreomsorga, men det ligg fram i tid.
At kommunen eig prestegardstomta er heller inga løysing så lenge kommunen ikkje eig huset. Ei oreigningssak vil ta lang tid om det skulle vere løysinga.
Slik Høgre opplever diskusjonen er det tverrpolitisk semje om at dette er ei hastesak. Same signala er komne frå tilsette og ikkje minst pårørande. Vi ber difor om at det ikkje blir lagt hindringar i vegen for ei raskast mogeleg løysing til beste for brukarane.
Kommunestyregruppa, Stryn Høgre