Denne veka hadde Volda AP årsmøte. Møre og Romsdal Ap sin fylkessekretær, Karoline Antonie Slinning innleia møtet med ein inspirerande tale om den politiske situasjonen. Årsmøtet hadde ein god debatt i etterkant av talen og vedtok fleire politiske uttaler.

Volda Ap ynskjer å vere ein tydeleg motstandar av dagens modell for styring av spesialisttenesta. Vi meiner det er på høg tid å få meir politisk styring inn i helseforetaka. Oppgåveforskyving og sentralisering må vere gjenstand for politisk debatt og kan ikkje vedtakast av styra i helseforetaka åleine.

Vidare er vi opptekne av å finne gode løysingar for eldre heimebuande. Det er mykje den einskilde kan gjere for å førebu seg på alderdomen, men vi må ha eit verkemiddelapparat som støttar opp under den nasjonale strategien om meir heimebasert omsorg. I distrikta er det ofte eit stort gap mellom verdien av eldre bustadhus og ny universelt utforma bustad. Vi meiner Husbanken må utstyrast med ordningar som sikrar støtte til alle som treng hjelp til å finansiere kjøp av alderstilpassa bustad.

Volda Ap er uroa for auken i psykisk uhelse mellom born og unge. Tidleg innsats og god oppfølging av gryande utanforskap er særs viktig. Eit tiltak vi ynskjer å satse på er miljøkoordinator på alle våre vidaregåande skular. I kommunane meiner vi det er viktig å satse på tett samarbeid mellom dei ulike sektorane, fleire yrkesgrupper må inn i skulen slik at rett kompetanse vert nytta på rett plass.

Nokre av desse uttalene går vidare til Møre og Romsdal AP sitt årsmøte i mars. Volda Ap støttar i tillegg Ørsta Ap sin uttale i høve krav om nasjonal plan for styrking av habilitering og rehabilitering.

Årsmøtet valde også nytt styre. Leiar Sverre Leivdal held fram som leiar eit år til, med seg i det nye styret har han: Margrete Trovåg, Roger André Solheim, Elsa Eilertsen Raftevold, Milan Ilic, Brynhild Solvang og Jan Henning Egset. Tove Aurdal Hjellnes og Jørgen Amdam er vararepresentantar.

Tove Aurdal Hjellnes vart takka av etter årelang innsats i styret for Volda Ap. Tove har hatt ulike verv, dei siste åra som nestleiar.

Sverre Leivdal

leiar Volda Arbeidarparti