Nokre dagar når eg sit og ser utover bygda så vert eg overbevist om at verda har blitt rablande gal og at livet vi lever eigentlig er heilt meiningslaust.

Grunnen til desse tankane denne gangen er alle cruiseskipa som ligg til kai og spyr ut drit over bygda dag ut og dag inn, passasjerane som vert frakta hit og dit med bussar og kjøper billig jugl made in china samtidig som alle skrik høgt om at problemet med global oppvarming ligg her hos meg i fjøsen min.

Medan eg legg meg ned i graset og høyrer på dei få humlene som susar rundt og ser opp på skyene ser eg fly som reiser hit og dit, fraktar folk som berre MÅ ut og reise og eg snur meg og opnar heller ei avis. Men det same møter meg der: Raudt kjøt er syndaren, vi må slutte å ete kjøtt, desse dyra rapar så mykje elendigheit ut i lufta at einaste løysinga er å kutte dei ut.

Eg let att augene og funderer over korleis noko så naturleg som dyr som et gras har klart å blitt erklært klimaversting og at det er vi bønder som må sette himmel og jord i bevegelse for å redde jorda? For det heng nemleg ikkje på greip. Antall dyr som er drøvtyggarar har gått ned jamt og trutt dei siste 80 åra, (ser ein på det i eit historisk perspektiv har det vore ganske stabilt, men med skifte frå ville planteetarar til husdyr).

Kan vi seie det samme om f. eks fly og cruiseturistar? Utsleppa frå landbruket har gått med i takt med reduksjon i antall dyr, medan utslepp frå fly, bilar og båtar har eksplodert. Likevel er det mine dyr som er problemet.

Eg nektar å gå med på denne tankegangen. Eg nektar å gå med på idiotiske klimatiltak i min fjøs fram til vi får med det positive som beitande dyr bidreg med. Og eg nektar å ta pålegg seriøst før vi får med i klimarekneskapen kor lenge metan lever i atmosfæren og vi får nye modellar å berekne utslepp på.

Eg nektar også at skogen min ikkje skal telle med i klimarekneskapen fordi dei manglar skog på Island. Her er så ufatteleg mange idiotiske påfunn i dette reknestykket at det går ikkje an å ta det seriøst. Dette her har ingenting med å fornekte at vi er i ei klimakrise å gjere, absolutt ikkje. Men det har alt å gjere med at eg går ikkje med på at raudt kjøtt er syndaren og at løysinga er å kutte det ut. Vi lever i eit grasland og utan drøvtyggaren i fjøsen kva vil då skje med karbonbindinga dei bidreg til? Skal hjorten ta over? I så tilfelle må eg berre sånn vennleg minne om at den spyr ut metan den også. Kva er eigentleg planen? Finst det ein plan? Eller er alt vi lever etter kun populistisk styrt?

Eg er rett og slett drita lei av å bli stempla som klimaversting når det einaste vi gjer er å jobbe til vi nesten stuper for å lage mat, basert mest på reine, trygge råvarer til befolkninga. Vi står på 365 dagar i året, jobbar MED naturen, passar på kulturlandskapet vårt, bidreg til beredskap og tener elendig.

Alt dette medan Oslo kommune sit og seier at dei skal redde klimaet med å kutte alt raudt kjøtt. Dei kan heller legge om livsstilen slik at dei ferierer og forbrukar like lite som ein bonde, DÅ hadde vi sett ein nedgang i klimautslepp då. Men det går jo ikkje an å kreve, folk må jo få gjere som dei vil og reise dit dei vil, berre dei ikkje et raudt kjøtt på vegen dit i flyet som spyr ut enorme mengder klimagassar.

Eg seier det igjen: Verda har blitt fullstendig rablande gal og eg forstår ikkje kvifor eg som bonde gidd halde på med all jobbinga. Utakk er verdas lønn og det får jammen vi kjenne på no i denne skakkøyrde verda vi lever i.

Silje Å. Skarstein