Fjordingen skriv 27. desember at SV skal betre kollektivtilbodet mellom Hornindal og Ørsta/Volda. Det er feil!

Det var Senterpartiet og Arbeidarpartiet som fremma dette forslaget under Fylkestinget (MR) i desember. Også KrF, Mdg og Venstre var med på forslaget. SV fekk under budsjettforhandlingane tilbod om å vere med på dette punktet, men SV gjekk ut av budsjettforhandlingane fordi dei heller ville bevare ei nattferje i heimkommunen til Yvonne Vold, som leiar SV på Fylkestinget. Betra kollektivtilbod sør i fylket var ikkje viktig nok!

Fleirtalskonstellasjonen (utan SV) la også inn 500.000 nettopp til dette i 2023 og 1 mill. i 2024. Dette vart gjort som rund sum, fordi dei detaljerte kostnadene ikkje er heilt klare endå. Så betre kollektivtilbod i form av ein dagleg avgang ekstra eller forbetra bestillingstransport er altså vedtatt. Men konkret korleis det skal sjå ut, skal utgreiast nærare, opplyser Lied. Vi må også sjå om det er mogleg å få med heile strekninga frå Volda heilt til Stryn.

Forslaget frå Sp og Ap (som SV har gjengitt!): 16) Fylkestinget ber fylkeskommunedirektøren greie ut korleis ein kan utbetre kollektivtilbodet mellom tidlegare Hornindal kommune og Volda/Ørsta, anten gjennom bestillingstransport eller ordinære rutetilbod. Fylkestinget gjev samferdselsutvalet fullmakt til å godkjenne ruteopplegget.

Gunnar Strøm bør sjekke nærare kva deira folk gjer på Fylkestinget. Det er bra at SV også vil ha betre kollektivtilbod mellom Hornindal og Ørsta/Volda, men då må dei også vere med på budsjettforslaga, og ikkje hoppe unna med halen mellom beina!

Per Ivar Lied

Senterpartiet Medlem fylkestinget/fylkesordførarkandidat