Vakna 05.30 med PostKvinneDagsStressSyndrom, kan hende det berre er eg som finn opp denne diagnosen for å lettare kunne leve med meg sjølv gjennom dagen som skal kome.

Onsdag var det kvinnedagen, 8. mars, eg har samstundes bestemt meg for at eg har 30 dagar sjølvpålagt karantene frå Facebook, kanskje nettopp difor kjenner eg akkurat no på ei kjensle av stress. Kan det vere at eg er stressa for at eg ikkje posta ein tøddel i høve kvinnedagen? At eg ikkje skreiv noko meir eller mindre gjennomtenkt om kvinneplagene mine eller om likestilling i inn- og utland eller om kor få kvinnelege toppsjefar vi har? Nei, eg trur eigentleg ikkje at det var slik. Eg trur nok helst at eg berre har ein hang til grubling, på godt og vondt.

Eg har også lenge, så lenge eg kan hugse, hatt ei hang til skriving, eg skriv når eg er glad, eg skriv når eg er lei meg og når eg trur eg har sett ljoset att, når eg er frustrert og når eg sjølv tykkjer eg har tenkt ut noko morosamt. Og eg har delt det både med mange, få og med meg sjølv. Vi har så mange kanalar at å få ting ut er ikkje problemet, tvert imot, iblant er det ei utfordring å halde ting for seg sjølv.

Det er så mange kanalar at eg har ikkje oversikt, ein har Twitter, Facebook, Instagram, Snapchat, Pinterest, e-posten og TikTok, men sidan eg veit om desse er det sikkert dobbelt så mange. Og TikTok bør visst vi vaksne berre halde oss langt unna, for der kan vi risikere å dumpe borti filmsnuttar som gjer livet vårt tyngre. Lat dei unge ta seg av det, dei har liva på stell… (eg går ikkje nærare inn på dette i dag, for eg kjenner at eg røyver meg i utkanten av ein malstraum).

Eg har altså bestemt meg for 30 dagar utan Facebook, Facebook er mest brukt av oss vaksne som heng litt att. Sjølv har eg frekventert denne tenesta sidan 2007 eller 2009, eg hugsar ikkje heilt, men Facebook hugsar det. Eg har delt mykje med nære og fjerne, det har vore kjekt å halde kontakta med folk ein ikkje ser kvar dag, eller kvart år, men eg trur eg fint kunne klart meg utan. Desse tre første karantenedagane har sjølvsagt ført med seg mindre scrolling (fingrar over skjerm), og det er tydeleg at desse fingerrørslene dreg tankane ut av hovudet medan dei held på. Det betyr at eg kanskje har fått høve til å tenkje fleire heile tankar, noko eg vel å tru er ein god ting om eg vel å høyre på dei beste tankane. Så det har eg gjort.

Eg fekk ein tanke om at det som verkeleg burde erstatte Facebook var avisa, i papirform, på stovebordet, lokalavis eller riksavis. Eureka! Konseptet er genialt og nytenkjande (!), dei siste dagane kort oppsummert, meir treng ein vel kanskje ikkje? Og det begrensar seg kor mange gongar ein orkar å bla igjennom ei avis. Eg har rett og slett ein draum om at vi skriv meir i avisene våre, eg trur og at vi da leverer eit meir gjennomtenkt produkt. Difor har eg no lova meg sjølv at i år skal eg bruke avisa meir enn Facebook-veggen min, også vil eg gjerne ha fleire med på den tanken.

Kvifor skriv vi ikkje avisinnlegg oftare? Vi kan skrive langt eller kort om ting som opptek oss. Fylle på avisene våre med snadder og tankar som Facebook ikkje får tak i

Kvifor skriv vi ikkje avisinnlegg oftare? Vi kan skrive langt eller kort om ting som opptek oss. Fylle på avisene våre med snadder og tankar som Facebook ikkje får tak i. For er det ikkje slik at vi også uffar oss for tildels tunne og innhaldsfattige aviser iblant? Og agurktida kan bli «agurk- og tomat-tid», det er den draumen.

Men kvifor i alle dagar skal du vere så sær, seier ein annen del av meg.

Jau, fordi du har godt av å skrive ut det du tenkjer og du har godt av å lese noko utan lenkjer som kan ta deg til andre sider (eller andre galakser) midt inne i ei viktig sak om bygdekvinnelaga på andre sida av fjorden, ostekoking i Oppstryn eller kvinnelege jegerar, for ikkje å nemne

fisketilhøva i fjorden. Du gjer lurt i å trene opp att fokuset ditt ved å lese lengre tekster utan avbrot, det gjeld både unge og eldre, seier den meir oppvakte delen av meg.

I dag valde eg å høyre etter når eg sjølv tenkte, difor deler eg dette med dykk i avisa heilt eksklusivt (med fare for å ta spalteplass) og håpar andre kjenner på eit behov for å dele på papir i post. Ventar spent.

Ruth Maria Tøfte Heimlid

Grublar, sauebonde og lausarbeidar