Målet til Arbeidarpartiet er at vi skal ha ei sterk offentleg vidaregåande opplæring i Vestland, der alle skal få tilgang til opplæring av høg kvalitet uavhengig av kor ein kjem frå eller storleiken på lommeboka til foreldra.

Oppdraget til den vidaregåande opplæringa er å kvalifisere ungdom til arbeid og samfunnsliv. Det er eit stort oppdrag som krev tydelege prioriteringar.

Gjennom perioden har det vore solide løft både innan fornying av læremiddel og utstyr, satsing på yrkesfag og psykisk helse. Arbeidarpartiet og fleirtalspartia prioriterar vidaregåande opplæring.

Stadig fleire elevar i Vestland ønskjer å gå på yrkesfag. Det er ei ønska politisk utvikling. Vi har intensivert arbeidet med å tilby nok skuleplassar og å skaffe fleire læreplassar og vi arbeidar kontinuerleg med å forbetre og fornye opplæringstilbodet vårt.

Etter to år med korona ser vi at fleire slit med den psykiske helsa. Difor tilset vi fleire miljøkoordinatorar på skulane og styrkar skulefrukosten. Dette bidreg til sterkare fellesskap og auka trivsel på dei vidaregåande skulane våre. Miljøkoordinatorane skal arbeide førebyggande og bidra i det sosialpedagogiske arbeidet på skulane. I den tida vi er i no ser vi at dette er spesielt viktig. Skulefrukosten fremjar konsentrasjon og læring, og bidreg til trivsel i skulekvardagen. Eit fellesmåtid som inkluderar alle elevane er ein god start på dagen.

Nytt og moderne utstyr er viktig for å gje elevane våre moglegheit til å lukkast. Difor løyver vi også 30 millionar til undervisningsutstyr slik at skulene kan oppdatere maskiner og utstyr innan yrkesfag og andre læremiddel.

Det har vore ei viktig rettesnor for Ap er at vi skal ta med oss styrkar både frå Hordaland og Sogn og Fjordane til det beste for innbyggjarane i fylket vårt, og at vi med det skal bygge bru mellom satsingar som er viktige for ungdom i fylket vårt og som bidreg til auka gjennomføring. I budsjettet frå samarbeidspartia våre (Ap, Sp, MDG, V, SV og KrF) viser vi dette på ein god måte.

Opplæringssektoren har ei nettoauke i budsjettet på nesten 30 mill for neste år. Vi har ikkje løyst alt i dette budsjettet, men vi har løyst ganske mykje, og vi har satsa!

Karianne Torvanger, Ap

Leiar i Hovudutval for Opplæring og kompetanse Vestland