Sist fredag kunne vi lese H og Sp sitt forsvar for vedtaket om bygging i hagen på omsorgssenteret.
Den massive majoriteten i kommunestyret (H/Sp), som finn kvarandre i sak etter sak, styrer og let att øyrene for ei stadig aukande misnøye med vedtaket hos folket i bygda. Det er ikkje kvardagshending at det vert sett i gang underskriftskampanje mot eit kommunestyrevedtak.
H/Sp antydar at nokon vil forkaste dagens planar, men var ikkje vedtaket samrøystes?
Det er berre å innrømme det: Etter at mine partivenner fånyttes prøvde å få ei utgreiing av alternativ tomt med i forprosjektet (4 røysta for), har også eg vore med og stemt for å byggje etter dei gamle planane. Som ansvarleg representant kunne eg sjølvsagt ikkje stemme mot oppstart av eit så viktig prosjekt!
Myklebust og Sæternes kan fortelje at ved andre løysingar «tapar ein minst eitt til to år, bygget blir betydeleg dyrare og sist men ikkje minst vesenteleg høgare driftsutgifter».
Kva H/Sp byggjer dette på, veit ikkje eg. Det er i alle fall ikkje kunnskap som er delt med kommunestyret.
Kommunestyret har altså stemt for eit prosjekt der ein verken kjenner kostnaden eller tidsperspektivet. Likevel blir nokon nærast skulda for å ville øydelegge framdrifta.
Det vert brukt uttrykket «tomt med uavklart eigarforhold». Det er slett ikkje uavklart, - kommunen eig tomta der prestebustaden står og Opplysningsvesenets fond eig huset. Ifølge Fjordingen i 2013, var dei interesserte i å selje huset og det er muleg dei er like interesserte i det no, men det er det sikkert ingen som har sjekka.
H/Sp meiner at auka driftsutgifter betyr kutt i tenester eller auke i eigedomsskatten. «Det siste har ofte vore Ap sitt alternativ». Om det er meint som skremsel før valet er usikkert, men eit slikt alternativ har ikkje Ap fremja for vedtak i kommunestyret i denne perioden.
Jarle Hessevik
kommunestyrerepresentant for Ap