Fredag 2. juni 2023 lanserte Miljødirektoratet rapporten Klimatiltak i Norge mot 2030. Der står kutt i raudt kjøt høgt på lista.

Det skal ikkje vere mogleg å kome fram til ein slik konklusjon når vi veit at landbruket står for 8 til 9 % av det totale norske klimautsleppet, korleis klarer ein då å rekne seg fram til at kjøttkutt er eit av dei viktigaste klimagrepa.

Rapporten kjem med ei rekke tiltak for å redusere kjøttforbruket til nordmenn.

Forbrukaravgift på raudt kjøtt og redusere produksjonsstøtte til dei som driv med raudt kjøtt er to av tiltaka som står. I tillegg vert det peika på ein skremmande reduksjon av ammekyr, sau og slaktegris ved norske gardar.

Tiltaka vil redusere tal årsverk i landbruket, og vil svekke matberedskapen til Norge. Å flytte meir av matproduksjonen vår ut av Noreg er eit dårleg klimatiltak på alle måtar. Det vil gje lågare sysselsetting og lågare sjølvforsyning. Landbruk i heile landet blir ikkje lenger mogleg, og med det forsvinn viktig busetting, beredskap og matberedskap.

Det overraskar at miljødirektoratet ikkje har fokusert på importen av kjøt, og at dei ikkje har kome med forslag til klimatiltak der.

Kvifor skal vi halde fram med å importere kjøt, og kutte i produksjonen vår her heime? Det heng ikkje på greip. Klimatiltaka i Miljødirektoratet sin rapport er hasardiøse grep som kan øydelegge eit klimatilpassa, norsk jordbruk. Det er nok ikkje det som er målet .

Førre måndag la totalforsvarskommisjonen fram sin rapport NOU 2023:17. Kommisjonen anbefaler mellom anna: «Å umiddelbart legge planar for auka sjølvforsyningsgrad basert på norske råvarer». Dei slår og fast at «…..Husdyrhald, og då spesielt mjølkeproduksjonen, er bærebjelken i norsk jordbruk.

Dette skuldast at over to tredjedelar av jordbruksarealet brukast til dyrking av gras og andre fôrvekstar. Berre husdyr kan ete gras…..» Eg meiner rapportane konkluderer særs ulikt når det gjeld norsk matproduksjon, og norsk matvareberedskap.

Det å vere mest mogeleg sjølvforsynt med mat, er den viktigaste beredskapen eit land kan ha. Tenk om vi skulle hamne i ei krise, der import ikkje er eit alternativ. Tenk om jordbruksareal er grodd att, dyr er slakta og vi ikkje klarar forsyne eigen befolkning med mat. Kva gjer vi då? Dette er alvor.

Gry Ingvild Agjeld

Leiar i Vestland Bondelag