«Du må ikke tåle så inderlig vel den urett som ikke rammer dig selv». Arnulf Øverland si kjende strofe frå diktet «Du må ikke sove» advarar like sterkt mot likesæle i dag som i 1936 då diktet først stod på trykk. Ingen av oss går vel eigentleg klar når denne strofa får treffe på djupet i hjertet.

Eg blir i alle fall inspirert av strofa til Øverland til å våge å løfte mi stemme til støtte for dei som har opplevd urett, blitt motarbeidd, misforstått og blitt krenka i møte med barnevernet i Stryn. Å tilby innbyggjarane kursing i å melde frå/søke hjelp frå etaten er ikkje vegen å gå for å bote på at så få i kommunen ynskjer hjelp frå barnevernet. Ikkje når det truleg er tilliten til barnevernet det skortar på.

Lesarinnlegga frå Gunvor Sunde og einsleg forsørgar nylig og fleire tidlegare innlegg av Tor Åge Berglid berre stadfestar at etaten har ting å rydde opp i. Tilliten til barnevernet i Stryn har vore fallande lenge. Og då vil nødvendigvis også bruken av tenesta gå ned.

Har den norske stat teke rev i segla etter alle domane mot det norske barnevernet i Strasbourg? Nei. Men hvis det på ein kommunal sjukeheim eller eit omsorgsenter blir gjort alvorlege feil eller lovbrot, då kjem det statleg tilsyn. Då vil alt bli gjennomgått og kommunen må legge ein plan for korleis etterleve krav som det statlege tilsynet gjev.

Det er umåtelig viktig at alle som får tenester frå etatar i Stryn kommune har det same rettsvernet enten det er eldre på institusjon eller det er born og foreldre som har med barnevernet å gjere. Avvik og klager frå innbyggjarane skal takast på største alvor.

Konservativt ynskjer å endre namnet frå Barnevern til Familievern. Slik ynskjer vi å signalisere at å hjelpe/støtte familien, både foreldre og born, er det etaten er til for. 4.12 paragrafen skal kun brukast når hjelpetiltak er prøvd først.

Ved kommunevalet til hausten vil Konservativt (tidl. Partiet De Kristne) gå til val på å arbeide for ein gjennomgang av barnevernet i Stryn. Bakgrunnen er kritikk som er kome mot etaten. Gjennomgangen skal levere ein tilstandsrapport. Der også borna blir høyrt. Slik kan tilliten til barnevernet i Stryn bli gjenoppretta. Og dei som har opplevd urett kan få oppreising. Vi meiner det er på høg tid. Og vi har inga tid å miste.

Jan G. Skrivervik

1. kandidat Konservativt ved kommunevalet 2023 i Stryn