Redusert kapasitet

Legg styret ned Mork rehabiliteringssenter i Volda er det kun eitt tilbod att (Ålesund) for Møre og Romsdal og Nordfjord for ei kompleks pasientgruppe som har opplevd at livet og kvardagen blir heilt endra over natta. Det blir dessverre neppe færre ulykker og slagpasientar i ei stadig større befolkning i tiåra som kjem, og med fleire eldre som lever lenger med eit kompleks sjukdomsbilde, er det uforståeleg at Helse Møre og Romsdal (HMR) sin analyse er minkande behov i åra som kjem. Helseforetaket har redusert kapasiteten i spesialisert rehabilitering frå 46 til 22 plassar, berre sidan 2019. Samtidig kjøper Helseforetaket private rehabiliteringsplassar utanfor fylket for 90 mill årleg. Det vil både vere rett for pasientane og og brukargruppa å oppretthalde fagmiljøet og tilbodet her i fylket, heller enn å legge ned og sentralisere tilbodet.

Det heile mennesket

HMR trekkjer fram tilgangen til legar og lege-tettleik som eit avgjerande fortrinn for Ålesund. Legetilgang er viktig, det har også Mork og Volda. Det avgjerande for pasientane er likevel oppfølginga dei får gjennom heile døgnet til trening av kvardagssituasjonar som å ete, gå på do, pusse tenner og forflytte seg trygt. Dette gjer sjukepleiarar, terapeutane og det tverrfaglege miljøet. Det er dei som følgjer pasienten døgnet rundt. Og då er lang erfaring i spesialisert rehabilitering avgjerande.

For svært mange er det ein seier og eit steg vidare å kome ut av sjukehuset. Mange i fagmiljøet og mange andre foretak legg spesialisert rehabilitering bevisst ut av sjukehuskroppen. Fordi miljøet rundt opptreninga er og blir opplevd som så viktig. Og her trekker brukarane fram nettopp det allsidige utemiljøet på Mork. Det gir også familien og pårørande plass og rom til å støtte han og ho som trener tøft fysisk og psykisk for å kome mest muleg tilbake til normallivet – for heile familien. Den anerkjenninga ser ut til å mangle i Helse Møre og Romsdal.

Risikoanalyse

Rett før styret skal gjere vedtak om nedlegging blir det gjennomført ein ny og rask risikoanalyse (ROS). Den viser at nedlegging av Mork vil kunne medføre for dårleg kapasitet og uforsvarleg ventetid for kritiske pasientgrupper. Om det skulle skje, seier ROS-analysen at det er alvorleg. Mange av risikofaktorane vert omtalt som moderat i risikobildet. Det betyr slik ROS-metodikken sjølv definerer moderat som «alvorlig skade/sykdom langvarige følger» og «betydelig reduksjon av tjenesteleveransene». Av 38 vurderingskriterie er over halvparten (21) i kategoriane alvorleg (3) eller moderat (18). Både denne siste risikoanalysen og risikoanalysen frå 2019 viser at ei nedlegging av Mork og sentralisering til Ålesund vil ha negative og usikre konsekvensar for pasientane. Risikoanalysen i 2019 konkluderte med at det er uforsvarleg å legge ned spesialisert rehabilitering ved Mork.

Eit tapt kompetansemiljø på Mork

Legg styret ned Mork legg styret samtidig ned eit svært godt og solid tverrfagleg fagmiljø. Dedikerte tilsette frå ulike fag med lang erfaring som har sendt mange enkeltpersonar tilbake i arbeidsliv og familieliv og eige liv med god funksjon, sjølvkjensle og meistring i kvardagen. Lang reisetid gjer at berre eit fåtal ved Mork kan pendle til Åse. HMR må rekruttere og lære opp 20 nye medarbeidarar, samtidig med ombygging og drift i eit allereie overoppfylt sjukehus. ROS-analysen seier heller ikkje noko om at 16 pasientar blir på dobbeltrom ved maks utnytting (28). Dette kan bli svært krevjande både for tilsette og for ei sårbar og kompleks pasientgruppe der mange treng ro for å kvile i ein brått endra livssituasjon og nærver av pårørande.

Økonomi

Helse Møre og Romsdal får no ein langt større del av samla overføring til helse Midt. Av orienteringa frå adm dir til styret før jul framgår det at basisramma til Møre og Romsdal er auka frå 4,5 mrd i 2022 til 5,2 mrd i 2023. Fråtrekt 140 mill i Covid-midlar i 2022 aukar samla ramma med 700 mill, frå 4,8 mrd til 5,5 mrd i 2023. Sjølv etter deflator/løns/prisstigning (173 mill), er dette ein kraftig auke i ramme til Helse Møre og Romsdal. Det er også vedtatt å utsetje innføring av Helseplattforma (100 millfor HMR). Og det er kome klare signal om at HMR og sjukehuset i Ålesund vil få innvilga lånegarantien i 2023. Det vil seie at det er rom for å prioritere spesialisert rehabilitering på Mork. Brukarane av spesialisert rehabilitering fortener å bli lytta til. Og det vil løne seg samfunnsøkonomisk.

Alternativ

Gjeldande vedtak i styret er å flytte kompetansemiljøet frå Mork til Volda sjukehus. Volda kommune har stadfesta at dei har fleire ulike bygg-alternativ. Ingen bygg og kostnadskalkyle knytt til sjukehuset i Volda er lagt fram som alternativ. Dette burde vere eit minimum når eit så drastisk og ikkje reverserbart tiltak som nedlegging blir foreslått. Styret bør utsette nedlegging av Mork i to år utarbeide kostnadsanalyse for ulike byggalternativ i Volda, og også lett renovering av Mork.

Slik kan ein bevare det gode fagmiljøet, sikre legetettleiken som foretaksleiinga meiner er viktig, ha to gode tilbod i fylket og redusere million-innkjøpa som går ut av fylket til kjøp av spesialisert rehabilitering frå private.

Per Ivar Lied

Senterpartiet