Første sommardagen, 1.juni, kom med rekordvarme! Ei nydeleg helg kom like etter. Det var så flott: varme, sol, blå himmel, snø i fjellet, uteljande nyansar i grønt nede i dalen - og sommarblomster i flor! Vi nytte søndagen i sola på terrassen hos Anne og Kolbein på Hjelle til seint på kveld - og vart solbrende!

Eg trur eg er ferdig med sommarferien - sommarturen for i år (nei forresten eg vil ein dag til Bokbyen i Fjærland og!) Eg var nemleg med «Tysdagssvetten i Markane» på Blåtur forrige helg. Turen gjekk med buss først til Åheim. Vi fekk kome heilt inn i det «aller helligste», Olivinbruddet der ute. Du verden for eit imponerande anlegg! Veldig interessant! Så vart vi servert kaffi og mykje god heime bakst i Grendahuset på Hellebust. Dugnadsånd av beste merke.

Turen gjekk så vidare til Leikanger og Stadt Hotel for middag og dans. Ein kjekk og interessant dag. (Eg vart forresten sitjande ei stund i solveggen ved Skogstjerna og vente på bussen. La merke til - og kommenterte forresten den høge, gode og stødige, nye benken eg sat på. Gåve frå Stryn kommune stod det. Nokre dagar etterpå las eg om desse benkane i Fjordingen). Flott tiltak! Vi kom heim akkurat i det Motorfestivalen stengde ned i sentrum. Eg trur aldri eg har sett så mykje bilar og folk i sentrum før. Festivalsommeren er også komen! Eg må tilstå at eigentleg hadde eg ikkje så lyst til å reise på tur denne dagen, hadde mest lyst til å vere heime i Tonningsgata, for eg tykkjer det er så stas med «Paraden» gjennom hovedgata, særleg storbilparaden, like imponerande kvart år!

Elles kom sommaren brått på i år og. Eg har så mykje eg skulle ha rydda opp i, men når sola skin, får du mest dårleg samvit for å ikkje vere ute! Eg likar å gå på «Brukten», sjå og småhandle, så eg får meir å rydde i (!), finn mange «skattar» der, flotte handarbeid til dømes. Nyleg fann eg eit flott pyntehåndkle i engelsk broderi så fint brodert at då eg skulle «redesigne» det, så monterte eg det med vranga ut! Det var sikkert laga av ei ung brur til «heimafølgje»! No synes eg dei fleste unge verken lærer å brodere, sy eller strikke. Dei kunne det - og hadde god tid i gamle dagar. Var ikkje «på nett» heile tida.

Eg hadde og gleda av å vere invitert til opninga av «nye» Innvik Omsorgsenter! Litt av ein fest! Det var dekka til ca 100 - bebuarar, personale og innbedne gjester - med ope hus seinare på dag. Vi som reresenterte REF - rådet for eldre og funksjonshemma - (eg mislikar sterkt alle desse forkortelsane), hadde funne ut at vi skulle ha med ein «kortreist» blomsterbukett, ide- og plukka av Astrid på Svarstad - så flott, reine «Sansehagen» var det - og den vekte verkeleg «åtgaum»! Kjekt å sjå og lukte på for dei gamle!

Har sikkert sagt «God sommar» før, men kvar eg kjem, så er det einkvan som seier: «Skal du ikkje snart skrive i Fjordingen igjen?» Då blir eg så «øsa» og glad, tenkjer som så: Kan eg glede nokon i denne digitale, facebook - verda med mine analoge kvardagsbetraktningar (som oftast blir så altfor lange), så gjer eg det!

Nyt sommarblomstrane og sommaren! Dagane, vekene og åra går så fort!

Anne Margrete Tonning