Raudt Stryn meiner at dei noverande kommunale vegane i Stryn må forbli kommunale. Stryn er ei kommune med fleire bygder og mykje natur kor dei aller fleste av innbyggjarane er heilt avhengig av privatbil. Det å ha vegar som er gode nok, som vert heldt ved like i ein god nok standard og som ein kan køyre på òg om vinteren er heilt nødvendig for at folk skal få kvardagen til å gå ihop.

Det å skulle gjere fleire av dei kommunale vegane i Stryn om til private er Raudt Stryn i mot. Vi meiner at offentleg eigarskap til sentrale velferdsgodar er ønskeleg. Det er allereie ganske store delar av vegane i Stryn kommune som er privat-eigde. Det er vidare mykje av vegane i kommunen som er ganske smale. Stryn er ikkje ein kommune kor det er spesielt enkelt å komme seg rundt omkring. Om ein så legg til det faktum at kollektivtransporten i vår region er særs sparsam, så er det ikkje ei underdriving å slå fast at det offentlege samfunnsansvaret som fellesskapet har tatt for folks trafikkbehov i vår kommune eigentleg ikkje er så stort. Fleire, Raudt Stryn inkludert, ville nok meine at det hadde vore ønskeleg om samfunnet i sin heilskap tok meir ansvar for vegnettet i vår kommune enn det som er tilfelle i dag, noko som så klart hadde vore enklare om ikkje staten dreiv med økonomisk sveltefôring av kommunar og fylkeskommunar.

Stryn er ikkje den einaste kommunen kor det kjem trugsmål om privatisering av offentlege vegar. Dette vert nesten alltid møtt med protestar, truleg fordi folk med rette ser på deira trafikkbehov som eit samfunnsansvar som best vert ivareteke av offentleg eige og ei politisk styring som er underlagt val, slik som lokalvalet vi skal ha i år. Det er Raudt Stryn sitt standpunkt at dagens kommunale vegar skal vere kommunale vegar òg i framtida.

Anders Hamre Sveen

leiar av Raudt Stryn