Vi løftar naturen inn i musea i 2023 – korleis står det til med den?

For turistar må Olden vere av det vakraste fjordriket vårt har å by på. Så også for meg. Ein august-dag i fjor køyrde vi forbi folkemylderet ved kaia. Det var ein av desse trolske dagane, med disen dandert utover fjorden. Rammene var perfekte for eit besøk i kunstnarheimen til den nær gløymde kunstnaren Rolv Muri på Auflem.

Gjennom dagen knatra helikopterlyden rytmisk over hustaka, og nysgjerrige keik vi ut vindauga. Kva var omstendet? Jau, cruiseturistane som kravde litt ekstra tok gjerne turen med luftfartøy for å oppleve den norske naturen. Ikkje med fjellsko, nei. På kaia handla folk elles suvenirar og troll, vi får tru opplevinga desse timane i land gav meirsmak.

Møtet med Muris kunstnarheim gjer oss sikre på at det er på høg tid med ei utstilling. Store og fargesterke måleri, blått og svart, oransje og raudt. Eit konsentrat av naturen som gav han inspirasjon til å måle, sa han sjølv om bileta. I Nordfjord sat ein virtuos med penselen, men verda har gløymt han.

I haust vil difor Sogn og Fjordane kunstmuseum vise fram fleire av Muris verk i ei eiga utstilling. Vi ynskjer å vere med på 100-årsmarkeringa av kunstnaren. Det er eit jubileum forfattar Ove Eide og musikar Arve Henriksen har jobba med over lengre tid. Men Muri-utstillinga er også ei av fleire der vi gjennom året vil løfte tema som omhandlar natur. Vi har invitert fleire samtidskunstnarar som vier merksemd til gjenbruk, søppel, hav og skog. Vi nyttar sjansen til å kaste lys over klima- og naturmangfaldskrisa verda står i.

Vi håpar utstillingane vil utfordre publikum til å reflektere rundt naturmangfaldet i Sogn og Fjordane. Korleis tek vi vare på naturen? Korleis vil komande generasjonar bu her, dyrke jorda og bruke havet? Vi får sjå - i vår eiga kunstbygd på Vevring har gruveprosjekta nådd verdsnyhenda for lenge sidan. I Jølster vert det førebudd gondol i eit landskap som Nikolai Astrup biletfesta gong på gong, og som publikum kjem langvegs frå for å oppleve. Og i fjella mellom Viksdalen og Høyanger skal kanskje vindturbinar måle himmelkvelven.

For Rolv Muri, som mest ønskte å vere usynleg for omverda i sin vakre kunstnarheim, er tida inne til å skine på nytt. Vi trur han ville vore glad for å ta ei av hovudrollene i eit grønt kunstprogram. Velkommen til Førde, Jølster og Lærdal for nye kunstopplevingar i 2023!

Tor Martin Leknes

Avdelingsdirektør kunst, Musea i Sogn og Fjordane