I formannskapet 13. april vedtok vi uttale til Nasjonal transportplan (NTP). Her blei vi enige om å sende uttale frå Fjordane interkommunale politiske råd (FIPR). Dette er ein samanslutning av kommunar beståande av Nordfjord, Sunnfjord og deler av Sogn. Her står vi samla om at rv 15 Strynefjellet må inn i NTP. Dette saman med uttaler frå Møre og Innlandet gir tyngde.

Det som kom før påske frå statsetatane for veg, tog og fly om korleis prioritere i kommande 12 års periode var begredelig lesning. Forrige NTP, fremma av regjeringa Solberg, skapte håp fordi vi fekk på plass viktige prosjekt på heile Vestlandet. No ser det mørkt ut. Vi meiner fagetatane nærmast på bestilling frå samferdselministeren ikkje tar tilstrekkeleg hensyn til behovet for å investere i veg som kan binde landet saman.

Dagens regjering har rett og slett ikkje samferdsel som sitt satsingsområdet. Derfor er det bra at mange kommunar står saman om kravet til å få rv 15 inn igjen i NTP.

Arnljot Sæternes og Sonja Øvre-Flo

Stryn Høgre