Vi viser til oppslag i Fjordingen 17.02 angåande driftstilskot til turløyper og skianlegg. Vi vil minne politikerane om at vi er fleire aktørar som har mista 1/3 av prepareringsstøtta frå Stryn kommune.

Støtta vi har fått dei siste åra har vore ganske føreseieleg for dei ulike laga og aktivitet har blitt budsjettert med bakgrunn i det. Dette har vore eit av måla med ordninga og SIR (Stryn idrettsråd) har allereie med bakgrunn i sin uttalerett komt med forslag om fordeling av midlane. Vi meiner det er uheldig om det no kjem opp ei sak der kun ein aktør skal få auka tilskotet, og meiner det er naudsynt å sjå på alle søkarane under eitt.

Stryn kommune er ein langstrakt kommune med mange aktive bygdelag. Preparering av turløyper og skianlegg er basert på mykje frivillig arbeid. Med auka kostnadar på bl.a drivstoff og straum er behovet for midlar større enn nokon gong. I Stryn snakkar ein varmt om bulyst og levande bygder.

Det er då viktig at det finst tilbod i alle deler av kommunen. Det er ulike aktivitetar i dei ulike bygdelaga, og behovet for tilskot er ulikt, men felles for alle er at ein har mista 1/3 av tilskotet. Hardbagg IL har skiskyting og idrettsskule, samt lysløype og eit godt løypenett for alle i bygda. Dei arrangerer krinsrenn i skiskyting. Holmøyskarrennet vert arrangert saman med IL Veten. IL Veten har idrettsskule, hopp/-skiskule, lysløyper og stort turløypenett.

Stryn kommune har leirskule som nyttar desse løypene. Laget arrangerer Vetenrennet. Markane IL har store renn innen skiskyting og er arena for landslinja i skiskyting, i tillegg har dei skiskyting og skileik for barn, cuprenn og lysløype. I Oppstryn er det lett tilgjengeleg lysløype for alle og dei arrangerer skirenn for barn. I Olden er det også lett tilgjengelege løyper som nyttast både på fritida og av skule/barnehage. Utvikfjellet løypelag/Breimsbygda skisenter har samarbeid mellom Breimsbygda IL og Vikane IL med faste skitreningar kvar veke, 2-3 skirenn i sesongen og ope skitrekk med vakter på dugnad.

Vi snakkar om folkehelse for alle – både barn, unge, vaksne og eldre der nærhet til naturen og friluftsaktivitetar er ein av godane innbyggerane i Stryn kommune har. I tillegg ser ein at nærhet til anlegg og aktivitet for alle barn er viktig for rekrutering både innen langrenn, skiskyting, alpint og hopp. La oss fortsette å utvikle tilboda vi har spreidd rundt i heile kommunen! Vi håpar politikarane ser vinsten av å auke opp tilskotet til minst dei opprinnelege 900.000 kr, og fordele dei slik det først var vedteke.

Anita Karin Myklebust, IL Veten

Elisabeth Strøm, Hardbagg IL

Monica Halsteinslid, Markane IL

Lasse Hjelle, Oppstryn IL

Randi Gjengedal, Olden IL

Kjell Paulen, for Utvikfjellet Løypelag/Breimsbygda Skisenter

Anders Aarnes, Stryn Vinterski