Kommunestyret fekk ein sterk presentasjon frå eldsjel Paul Øyvind Glosvik og ungdomskontakt Monica Beate Hesjedal som presenterte ei viktig sak for 150 motorinteresserte ungdomar som ikkje kjenner seg inkludert i Stryn. Med dette bakteppet stiller Stryn Høgre spørsmålet korleis har ungdomen det i Stryn?

Stryn Høgre vil framover setje mental helse ungdom på den politiske agendaen sånn at vi får innhenta viktig kunnskap for å kunne ta dei riktige prioriteringane og beslutningane med fokus på enkeltmennesket.

Sist veke fekk vi besøk av Vebjørn Leite Olsen som er 2. landsleiar i Mental Helse Ungdom og nestleiar i brukarrådet til Statens Helsetilsyn. Leite Olsen var i Stryn for å snakke om lavterskeltilbod innan psykisk helse, både til innspelsmøte arrangert av Stryn Høgre og til Ordførar Per Kjøllesdal. Tilbakemelding frå Leite Olsen er at tidleg innsats er viktig og at den eksisterande lavterskeltilbodet er godt utbygd lokalt, sånn at alle kan få rask hjelp, jo lengre vi ventar, jo lengre tid tar det å behandle problema.

Vidare seier Leite Olsen at tidleg innsats er med å sikre at helseutfordringane ikkje utviklar til psykiske lidingar. Noko av det første som må kuttast når kommunen må spare pengar er støtte til ungdomsklubbar, organisasjonar og førebyggjande kommunale tiltak. Dette er viktige lågterskeltilbod for barn og unge. Mangel på desse tilboda legg auka press på skulehelsetjenesten og andre kommunale helsetilbod. Leite Olsen avslutter med oppfordring til Stryn kommune om å prioritere støtte til førebyggjande lavterskeltilbod, og at det stillast krav til kommunen om at det skal kunne tilby eit variert utval av lavterskeltilbod for barn og ungdom.

Ungdomskontakt Monica Beate Hesjedal støttar Leite Olsen, og meiner at tidleg innsats og lokale lågterskeltilbod er viktig for at barn og unge skal få den hjelpa dei treng før problema veks seg større. Monica seier at det vert viktig å sikre gode møteplassar - arenaer der barn og unge kan føle seg sett, meistre og utvikle seg og har ein plass å høyre til. Vi har mange gode tilbod i Stryn – dei skal vi ta vare på. Vidare seier Monica at vi har mange barn og unge som ikkje finn sin plass, eller av andre årsaker ikkje deltek i fritidsaktivitetar.

Vi må vere nysgjerrige og lyttande til kva disse ønskjer og har behov for – og ut i frå det forsøke å møte disse behova. Ei fin moglegheit til dette er «Alle Med-dugnaden» som arrangerast 25. april i Stryn kulturhus. Her er alle lag og organisasjonar, eldsjeler, politikarar og elles alle som er opptekne av unge si fritid velkomne til å delta. Her skal vi saman finne gode løysingar på korleis vi i fellesskap kan jobbe for at alle barn og unge kan få delta på fritidsaktivitetar. Dette er investering i barn og unge si helse.

To andre som engasjerer seg for eit inkluderande samfunn er ungdomen Nina Catrin Vik Strand og næringsdrivande Jostein Bøe. Nina er bilinteressert og seier at det er viktig at bilinteresserte i Stryn får ein plass der dei kan føle seg heime og ivaretatt av likesinna, der vi ikkje vert kasta vekk og sett ned på. Vidare seier Nina at det er viktig å kunne setje eit grunnlag for komande bilinteresserte i framtida sånn at dei slepp å kjempe den kampen vi no har kjempa i mange år – gje oss ein plass der vi er velkomne!

Jostein Bøe stiller spørsmålet «Kva med alle ungdomar som ikkje ønskjer å vere ein del av den organiserte idretten/aktiviteten? Og om vi ikkje skal vere like stolte av deira val om å styre si eiga fritid som vi er over sterke idrettsprestasjonar vi les om dagleg i Fjordingen?». Vidare seier Jostein at det enorme potensialet uorganisert ungdom representerer må også utviklast, her finn Stryvo mange av sine framtidige dyktige medarbeidarar.

Stryvo står klar til å bidra, saman med mange foreldre og eldsjeler. Ungdom i bil blir forvist frå sin eigen arena på kveldstid, nemleg sentrum. Bilmiljøet ber ikkje om dyre og flotte anlegg, dei ber om å få ein plass der dei kan føle dei høyrer til, og dyrke vennskap og interesser. Og få respekt!

Jostein avsluttar med at vi må lytte til kva desse ungdomane ønsker, og la dei i det minste få prøvespele på sin arena!

For Stryn Høgre vil mental helse ungdom vere ei prioritert sak og vi kjem til å engasjere tverrpolitisk framover der vi innhentar kunnskapsgrunnlag.

Vebjørn Leite Olsen (2. landsleiar i Mental Helse Ungdom/nestleiar i brukarrådet til Statens Helsetilsyn)

Monica Beate Hesjedal (ungdomskontakt Stryn kommune )

Nina Catrin Vik Strand (ungdom og bilinteressert)

Jostein Bøe (næringsdrivande)

Arnljot Sæternes, Ellen Hilde Hauge, Vegard Midttun, Sonja Øvre-Flo (Stryn Høgre)