Fagforbundet Stryn er positive til vedtaket om utvida opningstid i barnehagar og ser mange fordelar ved dette i forhold til heiltidskultur, næringsliv og meir. MEN, det må følge midlar til auka bemanning med vedtaket! Vi er kritiske til utsagn om at det er berre å forskyve vakter og endre arbeidsplanar for å få det til å gå opp. Ved å utvide opningstidene utan å auke bemanninga blir ein færre personale på jobb delar av dagen og presset på dei som er igjen blir større.
Treng meir bemanning etter utvida opningstider
Resultatet av at det ikkje føl midlar med vedtaket er bl.a. at det blir mindre personale mellom 14.30 og 15.00 når ein skal opne kl 07.00. Ei tid då det er stort trykk og svært få av barna er blitt henta. Det er ikkje vanskeleg å tenkje seg at det kan vere utfordrande. Skal vi ha kvalitet i tenestene våre er det ikkje nok å ha dedikerte og dyktige tilsette, vi må og ha nok tilsette til å utføre jobben. Stress og dårleg samvit for alt ein ikkje får gjort tærer på dei tilsette og kan i verste fall føre til sjukmelding.
Vi ser ein aukande tendens i skular og barnehagar med utagering og skulevegring. Mange born som veks opp i dag har større utfordringar enn dei hadde for nokre år sidan. Dette må vi ta innover oss og setje inn innsatsen tidleg. Barnehageåra dannar grunnlaget for vegen vidare.
Sjukefråværet innan skule og kultur er aukande, vi må ta oss tid til å lytte til dei tilsette som seier tydeleg ifrå kvar skoen trykker.
Vår frykt er at det som følge av at det ikkje føl pengar med vedtaket til å auke bemanning kan bli høgare sjukefråvær grunna større press på personale, og at det blir eit dårlegare tilbod til borna i barnehagen.
Vi håpar politikarane vil lytte til dei tilsette og fagorganisasjonene og bevilge midlar til auka bemanning i barnehagane!
Tone Almenning, leiar Fagforbundet avd 12 Stryn
Lone Frøholm Kvamme, hovudtillitsvald