Då 6-års-reformen vart innført, var intensjonen at det første skuleåret skulle vere ein mjuk overgang frå barnehage til skule. Leiken skulle framleis ha ein sentral plass, gjennom leikbasert læring og mykje fri leik.

No syner forsking at denne intensjonen gradvis har kome i bakgrunnen, det har blitt mindre tid til leik, og det vert lagt mindre vekt på seks-åringane sitt modningsnivå.

KrF vil tilbake til det som var intensjonen med skulestart for seksåringane. Det betyr meir leik og fri aktivitet, og hovudvekt på leikbasert læring.

På Tonning skule har dei no teke tak i dette, og har gjort grep som både små og store opplever positivt. Ved å starte dagen med fri leik i første time, blir elevane både rolegare og meir konsentrerte utover dagen.

Fylkespolitikar Trude Brosvik frå KrF var sist veke på besøk i Stryn, og ho fekk då, saman med Kari Synnøve Muri frå Stryn KrF, oppleve korleis ein skuledag startar på første trinn ved Tonning skule.

Det var fint å sjå at ungane var så rolege. Dei fann raskt ut kva aktivitet dei ville velje, det såg ut som alle vart inkludert i leiken, og dei vaksne deltok på ein måte som gjorde at alle vart sett. Dette likte vi etter å ha vore «fluge på veggen» hos første trinn.

Deretter vart det ein interessant samtale der representantar for lærarane på trinnet, og rektor Anne Wathne presenterte tankar bak endringane som er gjort, og korleis dei jobbar med å utvikle arbeidsmetodane. Det er meir fri leik, og ein dagsrytme som ikkje følgjer ein tradisjonell timeplan. Likevel lærer elevane det same som før, og mykje tyder på at denne arbeidsforma har positiv effekt på både trivsel og sosial utvikling.

Lærarar og rektor gav tydeleg uttrykk for at tiltaka har medført ei positiv endring, og i det pedagogiske utviklingsarbeidet jobbar dei systematisk og målretta for å gjere dette endå betre.

Tonning skule er tidleg ute med å gjere tydelege grep for at seksåringane sin skulestart skal bli det den var tenkt å vere: Ein gradvis overgang frå barnehage til skule, med hovudvekt på leikbasert læring.

KrF vil jobbe vidare for at skulestarten skal bli best mogleg tilpassa seksåringane, og heiar på alle konkrete tiltak for å oppnå dette.

Kari Synnøve Muri

Stryn KrF