Stryn Høgre har som eit av sine mål at alle innbyggjarane i kommunen skal ha eit godt og verdig liv.
Kommunen har ansvar for å sørge for gode og forsvarlege helse- og sosialtenester til alle som treng det, uavhengig av alder og diagnose. Helse er definert som ein tilstand av fullstendig fysisk, psykisk og sosialt velvære og ikkje berre fråvær av sjukdom eller lidingar. Stryn kommune veit vi har mange dyktige og erfarne arbeidstakarar innan alle ledd i helsetenesta, og desse vil vi ivareta slik at kommunen beheld verdfull kompetanse. Vi vil ha ein politikk som set kvaliteten på tenestene høgt då vi skal levere gode tenester. Alle har ei helse, og i Stryn skal du møte eit tilbod som gjev deg det du treng når du treng det.
Organiseringa av helse- og omsorgstenestene skal heile tida byggje opp rundt kva som er best for brukaren og med høg fokus på kvalitet og trivsel.
Vi vil legge tilhøva til rette slik at dei tilsette kan ta etter- og vidareutdanning, og at dei som ynskjer 100% stilling skal få det. Dette siste vil og minske vikarbruken og gje betre kontinuitet i tilboda.
Høgre vil og arbeide for at dei tilsette vert sett og høyrt, og at dei får ta i bruk heile sin kompetanse. Vi ynskjer å ta i mot fleire lærlingar og studentar, gje desse god opplæring og med det heve sjangsen for rekruttering av dyktige fagfolk i vår kommune.
Å fortsette arbeidet med å styrke fastlegetilbodet vert og ei viktig oppgåve. Diverre ser vi at menneske med demenssjukdom aukar i samfunnet. Her må det gjerast ein stor innsats for at dei med slik liding skal få eit tilbod så tidleg som råd er. Trygge tilsette som sikrar gode tenester i eit godt og trygt miljø vil - og kan vere som «balsam» for både brukarane og pårørande.
Vi meiner at ivaretaking av dei pårørande, uansett kven dei er pårørande til, er ei viktig oppgåve for alt helsepersonell. Her må også nemnast at Høgre meiner og vil at dei som slit med psykiske lidingar må få rask helsehjelp. Ein av våre viktigaste oppgåver er å hjelpe dei som slit med å meister eigen kvardag. Difor ynskjer vi å kartleggje psykisk helse og kva behov som er i kommunen.
Likeeins må arbeid mot mobbing intensiverast. Bruke gode turnusar til beste for tilsette og dei som får tenester, dette kan få ned sjukefråveret som diverre er noko høgt i dag. Høgre ynskjer å ta i bruk meir velferdsteknologi slik at dei tilsette får meire tid til kvar brukar.
Stryn Høgre meiner at nytt tilbygg til Stryn Omsorgssenter må ha eige avdeling for rehabilitering og avlastning. Men og fleire skjerma avdelingar, der dei med ein demensdiagnose får trygge og tilrettelagte bo- og aktivitetstilbod, og kvalifisert personale. Det skal vere trygt å bu i Stryn uansett om ein er ung eller gammel. Høgre vil vidareutvikle dei heimebaserte tenestene og sjukeheimstilboda, og styrke grunnbemanninga.
Høgre meiner vi og må få til fleire aktivitetar tilpassa brukarane sine behov. Men då treng kommunen hjelp frå dei mange friviljuge organisasjonane, og desse skal Høgre heie på! For å nå desse måla treng vi ein offensiv kommune som tør å tenkje nytt og å ta alle gode krefter i bruk. Vi vil at innbyggjarane skal vere sjef i eige liv, heile livet!
Astri Kyrkjeeide
6. kandidat Stryn Høgre