Dette kravet vil føre til den største strukturrasjonaliseringa vi har opplevd i norsk jordbruk. Vi vil få ei sentralisering av jordbruket, og kravet vil vere ein del av grunnen til den største nedlegginga av bruk vi har opplevd.

I dag har vi om lag 38.000 gardsbruk i Norge. Talet er om lag halvert siste 20 åra. Vi veit at det i snitt blir lagt ned to gardsbruk pr. dag. Dette er dramatisk. Ikkje berre fordi det blir færre som produserer mat, men fordi vi har område i landet der utviklinga gjer at fagmiljøa blir utarma, rekrutteringa uteblir og areal blir liggande ubrukt.

I mitt område, Sogn og Fjordane, har utviklinga når det gjeld mjølkebruk vore ekstra dramatisk. Det hender stadig at ein i bygdene set seg og går gjennom kor mange som leverte mjølk for 20 år sidan, og kor mange som er att i dag. Ni av ti er borte.

Vi er mange som er uroa over utviklinga her. NIBIO-rapporten om framtida for mjølkebruka i Vestland synleggjorde dette tydeleg. Det er langt mellom dei som driv med mjølk på mindre bruk i Sogn og Fjordane som ser lyst på framtida, slik situasjonen er no. 70 % av mjølkebruka her er båsfjøs, og snittbuskapen er på 14 dyr. Den ombygginga som har skjedd til lausdrift i Sogn og Fjordane, har til no vore ei sentralisering av mjølkeproduksjonen til dei beste områda. Sannsynlegheita er stor for at dei mindre bruka som er att, kjem til å legge ned drifta framfor å setje seg i milliongjeld for å bygge om for å møte dei nye krava.

Eg må seie det var direkte vondt å lese om Nina Engelbrektson som har vore mjølkebonde i tretti år, som vurderte å byggje ny lausdriftsfjøs, og fekk tilbakemelding på at då måtte ho byggje til 40 kyr og mjølkerobot, og ho eller mannen måtte ha ei lønnsinntekt på minimum 400.000 utanom garden for at dette prosjektet skal gå i pluss. Dette betyr at ein må setje seg i stor gjeld, ofre fritid og aktivitetar andre familiar kan ha, ha mindre tid med eigen familie og auke effektiviteten, det vil seie springe fortare, så lenge som helsa held. Slik skal det ikkje vere!

Mjølkeproduksjonen er både arbeidskrevjande og kapitalkrevjande. Samtidig er mjølkebøndene bærebjelken i distriktsjordbruket. Kor lang tid vil det ta før nedgangen i mjølkebruk pregar alt jordbruket i distrikta våre, og gjev ringverknader til andre som driv med beitedyr?

Tveit Rekneskap opplyser at ut frå deira utrekningar har bruk med 28 mjølkekyr og 200.000 l i kvote hatt ein inntektsnedgong på rundt 139.000 kr. pr. bruk frå 2021 til 2023, når ein tek med ein viss nedgong i mjølkevolumet. Dette skjer i ei tid der vi har fokus på å få til ei jamstelling mellom jordbruket og andre yrkesgrupper, og fleire har fått auga opp for kor dårleg lønsemd det er i matproduksjon. I Vestland fylke er nok den økonomiske situasjonen endå alvorlegare. Stadig regn heile sommaren 2022 gjorde både hausteforholda og grovfôrkvaliteten krevjande, og ein treng meir kraftfôr for å kompensere. Dette gjev ekstra kostnader.

Storsamfunnet er positive til å støtte opp om seterdrift som vidareføring av kultuhistoria vår. Denne drifta er ein viktig faktor for å synleggjere tradisjon, matkultur, i mange tilfelle lokalmatproduksjon. Folk utanfor jorbruket får også høve til å møte denne kulturen og få ny kunnskap. Seterdrifta er stell av kulturlandskap i praksis. Mange av dei som setrar er gardsbruk med små buskapar som framleis står på bås.

Ein kan spørje om ein har råd til å ha med desse minste bruka vidare. Spørsmålet bør heller vere om vi har råd å misse dei?

I regjeringsplattformen står det at regjeringa vil leggje fram og gjennomføre ein opptrappingsplan for trygg matproduksjon på norske ressursar, og setje eit mål for sjølvforsyningsgraden av norske jordbruksmatvarer, korrigert for import av fôrråvarer, på 50 %.

Siste åra har vi høyrt mange festtalar om å satse på små og mellomstore bruk, og å byggje drifta på eige areal eller areal i nærområdet. Dette er ein god start. Men det må følgjast opp med handling og økonomiske verkemiddel. Dei komande åra er avgjerande for om vi framleis skal eit jordbruk i heile landet. Både regjering, storting og faglag må ta inn over seg at det må handling til om vi skal ha eit distriktsjordbruk i framtida. Signala er tydelege.

Lausdriftskravet er med og gjer at bruk blir nedlagde, slik økonomien er i mjølkeproduksjonen i dag.

Ein må ta på alvor at:

• Lønsemda i mjølkeproduksjonen må aukast.

• Kravet om lausdrift må knytast til nybygg.

• Målet om jordbruk i heile landet og satsing på små og mellomstore bruk må føljast opp gjennom bruk av investeringsverkemiddel i jordbruket med midlar utanfor jordbruksavtalen, slik det står i Hurdalsplattformen.

• Vilkåra for investeringstilskot slik at ein kan gjennomføre oppgradering/nybygg for å møte nye krav utan auke i produksjonen. Det må vere mogeleg å få tilskot for å kunne halde fram drift på eige/lokalt ressursgrunnlag.

• Investeringstilskotet må vere så stort at ein ikkje blir bunden til milliongjeld som gjer at ein må auke opp arbeidsinnsatsen på garden og ha løna arbeid utanfor garden i tillegg.

• Utsette område som Vestland og Nord-Norge må prioriterast.

Eli Berge Ness

Styremedlem Norsk Bonde- og Småbrukarlag