Årleg brukar Statens vegvesen store summar på historiske vegar og panoramautsikt. Då vegen mellom Randabygda og Hennebygda vart opna var det ikkje midlar til full breidde, men det var midlar til ein fin plass på toppen av Kvalen, der turistane kunne sjå innover mot Randabygda, Tvinnefossen og fjorden vidare innover. Det vart også ein benk for dei med niste og kaffikos.

Det vart oppsett skilt som fortalde om vakre Stryn og vakre Eid. Eid er borte. Stad har ikkje funne rom for ny informasjon, og dei skal heller ikkje den vegen. Fin stoppeplass for turistbussar på Panoramavegen, var det også.

Ingen treng stoppe på Kvalen lenger. Vi ser ingen stad. Berre nokre få meter inn i frodig bjørkeskog.

I staden for nye millionar til nye utsiktspunkt kunne vi fått tilbake ein fantastisk utsikt med å bruke motorsaga ein halv time.

Kven har ansvaret, Stryn kommune eller Statens vegvesen? Eg har ikkje svaret, men ein halv time med motorsag er lite samanlikna med prosjekt i millionklassen, og resultatet vil bli fantastisk på godversdagar.

Inge Fænn