Ein ufyseleg dag! 8 kuldegrader, snøen fauk rundt husnovene, hålkeføre og ein tragisk brann i Olden. Likevel vart det på mange måtar ein «varm» og god dag. Eg måtte ut - og hadde lagt opp «løypa». Første avtalen eg hadde, hos frisørdama mi, visste eg vart kjekk.

Neste stopp var apoteket. Ei hyggeleg dame kunne opplyse at eg måtte fornye resepten hos fastlegen min og sidan eg «var på huset», stakk eg oppom legesenteret. Eg fekk ei melding på telefonen som eg måtte svare på, så eg stoppa litt opp i den varme gongen før eg byrja på trappa. Det kom ein blid, ung mann ned trappa. «Trenger du hjelp?» spurde han på gebrokkent norsk. Han trudde sikkert eg kvidde på trappa og ikkje torde ta heisen, mens eg tenkte: «Han kan no kome ned før eg byrjar på trappa, eg har ikkje så dårleg tid - pensjonist som eg er!» Men det «varma» å møte slik omtanke på ein slik sur dag! Turen gjekk vidare innom banken der ei kjekk dame hjelpte meg med mine «små nettproblem» - etter at ho hadde forvissa meg om at ho slett ikkje tenkte, då ho såg meg i døra: «No kjem ho igjen!» Berre smil og velvilje!

Eg er ikkje redd for å spørje - om eg kanskje dummar meg ut, så neste stasjon var E-verksbygget. Wattn-appen min hadde kobla ut og eg ville spørje om hjelp, sjølv om eg hadde høyrt «Nei, der er det ikkje lenger folk å snakke med!»

Nysgjerrig som eg er, tok eg i døra - og den var open! Oppe i 2. etasje måtte eg ringe på ein ringeknapp og då fekk eg ein stuss, for der stod det «Linja» ikkje «Wattn»! Eg såg berre ein knapp eg kunne ringe på og vart sleppt inn av ein hyggeleg serviceminded kar, så eg fekk appen min i orden igjen og kan følgje med når på døgnet straumen er billegast!

Snøen dreiv og vinden piska i ansiktet ute på gata. Kom heim tidsnok til å skifte til eit vårleg antrekk for å kome meg opp til Omsorgsenteret på «Vårfest»! Festen var arrangert av Røde Kors Omsorg, og eg var invitert til å lese nokre dikt til festlyden sessa rundt eit vårleg festdekka bord på Buketten. Eg hadde plukka ut dikt av Ragnhild Skår Nesje, Arne Garborg, Jakob Sande og breimningen Svein Førde med eit dikt han kalla «Ein Sommardag før». Han skriv om Besten sin «som svinga sin ljå med taktfaste steg, men av og til måtte han kvekkje - og sette seg på ræva ned». Eg sa som sant var, at eg visste ikkje heilt kva det ville seie å «kvekkje», men fekk resolutt svar frå ein av gjestene at det var det same som å «kvesse» det. Det har eg aldri høyrt før, men etter samtale rundt bordet etterpå var det visst kjent av fleire.

Ja, ja så lærte eg noko nytt i dag og! Eg hadde tydelegvis trefft godt med dei dikta eg hadde valgt ut, for eg fekk slik varm og god respons! Det var tydeleg at det var ting som var kjende, ting og hendingar dei hugsa frå sin barndom/ungdom. Eg er viss om at dei gav meg like mykje att som eg kanskje gav dei! Somme kunne versa og nynna stille med. Det var så kjekt!

Det varma verkeleg på denne kalde «vårdagen», i fjor var det 7 varmegrader den 16. mars, i år var det over 7 minusgrader! Som nemnt var det ei veldig kjekk stund, men eg var budd på liknande kommentarar som eg fekk ein gong før: «E ’kje hon snart ferdige?» - men ein annan sa: «Ha ’kje du eitt til ?»

Det vart ein varm og spesiell 16.mars!

Anne Margrete Tonning