Stryn Høgre ber i Fjordingen sist fredag om svar på eit spørsmål dei nok bør kjenne svaret på.

Gruppeleiaren i Høgre sit i Helse- og sosialutvalet (HSU) der eit einstemmig utval ønskte at prosessen ikkje skulle stoppe opp, men la til eit punkt i vedtaket (etter framlegg frå Ap) der utvalet bad om at Forprosjektet skulle vurdere tidlegare teikningar, rombehov og plassering. Vårt forslag var grunngjeve med at ei over 10 år gammal skisse til byggesteg 2 kan ha godt av ein gjennomgang for å sjå om føresetnader er endra. Mellom anna har det i løpet av tida som har gått, vist seg at hagen som er utvikla, er av svært stor verdi både for brukarane og personalet. Det er også registrert ein sterk motvilje frå mange hald om å redusere hagearealet. Via Fjordingen har Stryn Ap presentert ein alternativ lokasjon, - prestegardstomta, nettopp for å spare sansehagen.

Det bør også vere kjent at Stryn Ap lenge har vore interesserte i å forsere utbygging av byggjesteg 2. Det er berre å vise til budsjettdebatten både i 2021 og 2022 der Ap var åleine om dette.

Etter handsaminga i HSU forventa vi ei utgreiing av ulike alternativ og då er sjølvsagt tidsperspektivet og økonomi ein del av det. Den utgreiinga kom ikkje til formannskapet, men vart lagt fram som innleiing til debatten om saka - i kommunestyremøtet. Heidi Vederhus si utgreiing var klargjerande på fleire punkt, men hadde ingen konkrete vurderingar verken av økonomi eller tidsplan. Og - det vart ikkje sagt eitt ord om Stryn Ap sitt innspel om alternativet bak noverande bygg. Det var ikkje vurdert og Haldor Hove måtte legge det fram i møtet. Vårt forsøk på å få vedtak om ei parallell utgreiing av prestegardstomta fekk berre Ap sine fire stemmer.

Det vert hevda at «prestegardstomta» ville bli eit langt dyrare alternativ og forseinke prosjektet. Vi har ikkje sett dette godtgjort. Kommunen eig tomta, og Høgre skriv at det kan det bli vanskeleg å få kjøpt huset. Kven har vore i kontakt med huseigar, Opplysningsvesenets fond, for å forhøyre seg om viljen til å selje dette huset som har stått til ytre forfall i mange år? Så lenge dette ikkje er sjekka ut, blir det berre hypotesar å snakke om oreigning.

Kommunestyret har altså gjort vedtaket utan å kjenne verken kostnader eller tidsrammer for ulike løysingar. Det vart heller ikkje teke omsyn til fleirtalsuttalen frå Eldrerådet.

Ja, kva meiner Stryn Ap?

1. Vi vil ha fortgang i utbygging av omsorgssenteret. Difor stemte vi saman med resten av kommunestyret til slutt. Det var ikkje eit alternativ å stemme mot oppstart av utbyggingsprosessen. Vi har ikkje vore ute etter å trenere, men finne ei betre løysing.

2. Vi meiner der er både uklokt og lite framtidsretta at store delar av sansehagen vart ofra.

3. Vi meiner at både brukarar og tilsette skal få moderne og funksjonelle forhold.

4. Vi meiner at ein ikkje kan vente lenge før ein tek den neste diskusjonen på korleis tenestene for sjuke og eldre skal bli i relativt nær framtid.

5. Vi har sett bort frå barnehagetomta, som også vi forstår vil ha eit tidsperspektiv på mange år. MEN - vi meiner at barnehagetomta er særs godt eigna for ein 2Seniorlandsby», med nær kontakt med omsorgssenteret og omsorgstenester.

Dersom Stryn Ap ikkje har klart å formidle dette tydeleg nok til folk i Stryn, håpar vi dette er klargjerande - post festum. Kommunestyregruppa i Stryn Arbeidarparti