Statens vegvesen jobbar vidare med å planleggje ny tunnel på rv 15 Strynefjellsvegen. Det gjekk fram av ei pressemelding frå Statens vegvesen førre veke. Den nye tunnelen vil starte på Skåre, og erstatte dagens tre tunnelar. Ny tunnel vert og planlagt med mogleg arm til Geiranger. Den nye tunnelen vert ikkje berre tryggare å køyre, men vil og eliminere alle skredpunkt langs dagens veg, samt strekninga som er mest utsett for vind. I same pressemelding gjekk det fram at det vert arbeidd vidare med reguleringsplan for E39 mellom Volda og Furene, eit prosjekt som vil føre gjennomgangstrafikken i tunnel frå området ved Volda sjukehus og fram mot rundkøyringa mellom flyplassen og Furene.

Denne klargjeringa om vidare planleggingsressursar- og innsats var godt nytt i ei tid der økonomiske nedgangstider har skapt tvil om kva prosjekt som vil gå vidare og kva prosjekt som vil bli utsett.

Ikkje før var pressemeldinga ute, så vart Strynefjellsvegen stengt i to døgn på grunn av fare for snøskred. Ein defensiv stenging for å sikre at ingen skulle bli tekne av skred. At Strynefjellsvegen er skredfarleg, fekk vi bevis på då vegen på nytt vart stengt onsdag morgon. Denne gong fordi det gjekk snøskred over vegbana. Stenging først på grunn av fare for skred og deretter på grunn av skred, viser til fulle kor viktig det er at planarbeidet for ny tunnel vert vidareført. Strynefjellsvegen må vere trygg og føreseieleg som heilårsveg. Det vert han ikkje før ny tunnel er på plass.

Slik vil masta på Faleide-sida av fjorden bli plassert. Sensorar i tre høgder vil måle vinden over brua som vert del av E39 mellom Byrkjelo og Grodås. Foto: Norconsult

I dagens avis fortel vi og at arbeidet med å montere master for vindmålingar til E39-brua over fjorden mellom Faleide og Frøholm, startar måndag. Også dette er eit særs viktig prosjekt, ettersom Byrkjelo-Grodås er den enkeltstrekninga som kortar inn mest køyretid- og lengde langs den planlagde ferjefri E39 mot Stavanger. Mastene vil bli montert i næraste framtid, med vindmålarar i tre høgder på kvar mast. Oppdragsgjevar er Statens vegvesen, som i neste omgang skal bruke vindmålinga som kunnskap for design av brua over fjorden. Tre viktige vegprosjekt i regionen går dermed vidare. Med formål tryggare og betre framkost for framtidige brukarar.