Opplagstala for alle aviser i landet vart offentleggjort torsdag. For oss som driv nyheitsformidling er desse tala viktige. Ikkje minst fordi dei er eit viktig barometer på korleis innbyggjarane våre tileignar seg informasjon om store og små ting i samfunnet. Anten det er på lokalt, regionalt, nasjonalt eller internasjonalt nivå.

Falske nyheiter spreier om seg. Det same gjer saker og ytringar på sosiale medier, der det ikkje har vore ein redaktør inne og gjort vurderingar verken om innhaldet er sant eller om innhaldet krev samtidig imøtegåing frå den som vert utsett for skuldingar. Kanskje har du sjølv blitt utsett for slikt i sosiale media og følt deg makteslaus? Då veit du og at det ikkje er lett å forsvare seg. Sosiale media har ingen redaktør du kan ta kontakt med, dersom du føler deg krenka eller urettvist behandla.

Vi har ikkje for vane å skryte dei gongene opplagstala våre går opp, eller forsøke å bortforklare dei gongene tala går ned. For også i avisbransjen går tal opp og ned. Både lesartal og annonseomsetjing. Denne gongen gjekk opplagstala våre opp, frå 3.878 i andre halvår 2021 til 3.902 i andre halvår 2022. Difor takkar vi kvar og ein av dykk abonnentar for tilliten. Med lovnad om å halde fram som det viktigaste og beste nyheitsmediet for Stryn og Hornindal.

Det er summen av innhaldet som gjer lokalavisene interessante; kombinasjonen av redaksjonelt stoff og annonser om både stort og smått. Fjordingen sin redaksjon, gjerne med hjelp frå gode tipsarar, gjer sitt beste for å fange opp viktige nyheiter og gode reportasjar, og har alltid som klart mål å gje innbyggjarane innsikt i det som er viktig i kvardagen. Samt krydre med trivelege reportasjar om ting eller tema du kanskje ikkje hadde tenkt på.

Marknadsavdelinga vår formidlar annonseplass til bedrifter, private, lag og organisasjonar. Vi kan stolt seie at Fjordingen både på nett og papir er god marknadsplass for den som vil marknadsføre arrangementet sitt eller har varer å selje. Slik skal det framleis vere.

Tilliten frå deg som abonnent og deg som annonsør, inspirerer. I botn for alt vi gjer ligg oppdraget om å overvake maktapparatet, byggje opp under dei demokratiske styringsformene og vere open debattarena.