Han vart landskjend over natta med sine reportasjar om koronaen sine herjingar i Europa. Så fekk han det sjølv.
Det siste året har vore hektisk og annleis for NRK-korrespondent Roger Sevrin Bruland frå Utvik.
Roger Sevrin har rapportert om overfylte intensivavdelingar, dødssjuke folk som vart avviste på grunn av at det var fullt, legar og helsepersonell som vart smitta og døydde.
Helge Auflem i Olden ønskjer å lage til ei leilegheit til utleige for turistar, men Stryn kommune seier nei. – Eg føler meg motarbeidd av kommunen, seier Auflem.
Stryn Revmatikarlag uttrykte tidlegare i år stor glede over kommunestyret si budsjettløyving til forprosjekt varmtvassbasseng. No viser det seg at pengane som vart løyvd var deira eigne.
Har lært ei viktig lekse.
70 konfirmantar frå alle dei åtte kyrkjelydane i Stryn kommune hadde samtalegudsteneste på Per Bolstad plass søndag. Vêret kunne knapt vore betre.
Nordsida utviklingslag har etter årsmøtet i fjor haust gått frå å vere eit andelslag til å bli ein frivilleg organisasjon.
Det er påvist fleire tilfelle av fugleinfluensa rundt i Norge. Landbruks- og matminister Olaug Bollestad åtvarer folk mot å starte å mate fuglar på nye stadar for å redusere smittespreiing.
Speedgliderar, paraglidarar og basehopparar visste godt kvar dei skulle legge turen denne helga.
Tysdag startar aktivitetskampanjen "Sykle til jobben". Kommunen ønskjer at så mange som muleg blir med.
Tal frå Budsjettnemnda for jordbruket viser økonomisk oppsving i fjor, men reduserer ikkje alvoret i den økonomiske situasjonen i landbruket, meiner Bondelaget.
Stryn kunstlag ønskjer å bruke Per Bolstad plass når dei skal arrangere «Kunst i gata» for andre gong.
Kommunedirektør Rune Sjurgard meiner Volda kommune skal teikne aksjar i selskapet Nordfjordbrua AS.
Ei tilskotsordning skal bidra til at eldre kan få tilbod om å gå ut og ete rimelege middagar saman. Føremålet er å motverke fysiske og psykiske konsekvensar av isolasjon.
Flaumsikring av Vikaelva i Hornindal kosta totalt 10,6 millionar kroner, inkludert prosjektering. Men delar av elva endar i ein vegg av stein rett før brua over E39.
Jens Isehaug ved Isehaug Kafeteria/Johans pub seier at opphevinga av det nasjonale skjenkestoppet betyr mykje.
Det tek ikkje lang tid å skifte dekk når utstyret er i orden.
I desse dagar legg mange om frå vinterdekk til sommardekk. Politiet åtvarar mot å la useriøse aktørar utføre jobben.
Ingen blir rik av å drive nærbutikk i Distrikts-Norge. Likevel har fleire hundre kjøpmenn satsa på eit liv i små bygdebutikkar. Kanskje dei gjer det fordi dei kjenner kor viktig det er å knyte bygda saman?
Korleis kan vi sikre oss god vasskvalitet og god forvalting av vassressursane i fylket vårt i framtida? Dette skal Regional plan for vassforvalting handle om. Denne planen er ute på høyring, og du kan kome med innspel.
Denne veka har Hornindal skule verkeleg nytta ver- og føreforholda i skibakken.