Torsdag ettermiddag kunne snora klippast til den flotte, nye skateparken og pumptracken ved Folven camping i Oppstryn. Passeleg høgtidleg og passeleg uhøgtidleg.

Sidan i sommar har det vore arbeidd med å bygge opp ei rekkje skate-element, deriblant ein stor og flott skateramp. I tillegg er det laga ein 40-50 meter lang pumptrack. Dette er ei sykkelbane med kular og doseringar, der syklisten "pumpar" fart gjennom svingane og over kulane.

Peder Guddal (2,5) var mellom dei yngste på opninga.

-Anlegg for alle

Det var åtte år gamle Daniel Mindresunde Guddal som fekk æra av å klippe snora, med litt hjelp frå campingdrivar Fred Syversen som er bakmannen til det heile. Syversen er godt nøgd med resultatet.

- No er alt endeleg ferdig. Her har vore ungar kvar dag i det siste, så det er tydeleg at det har falle i smak, smiler han. Sjølv om anlegget ligg på Folven camping understrekar han at dette er bygda sitt anlegg.

Sånn kan det også gjerast!

- Vi har fått god pengestøtte frå Gjensidige stiftinga til å gjennomføre dette, og det er med tanke på at dette skal vere eit tilbod til ungane i bygda, seier Syversen.

Tok turen frå Loen

Mellom alle oppstryningane som hadde møtte fram til opninga av anlegget, fann vi også ein som hadde teke turen heilt frå Loen. Krzysztof Berlowski (14) frå Loen og Polen er ein svært sykkelglad kar som hadde fanga opp på Facebook kva som skulle skje.

Krzysztof Berlowski (14) frå Loen og Polen i flott driv gjennom pumptracken.

- Eg er veldig glad i sykkel og har drive på med det sidan eg var liten. Eg ville sjekke ut kva dette var, seier han, og viser stolt fram ein ny flott sykkel han har kjøpt, før han tek nokre rundar i pumptracken og demonstrerer gode ferdigheiter på tohjulingen.

Også 10 år gamle Lukas Sørum Olsen er på plass i sykkelbana.

- Det er kjekt med humpane. Det er ikkje vanskeleg når ein kan det, slår han fast.

Lukas Sørum Olsen (10).