Sven Flo gjenvalt som ordførar i Stryn

Sven Flo vart gjenvalt som ordførar i Stryn (Foto: Ove Sveen) 

Nyhende

Sven Flo (H) vart i går formelt gjenvalt som ordførar under konstitueringa i Stryn kommunestyre.  Seks røysta blankt i ordførarvalet. Torstein Tvinnereim (V) vart samrøystes valt til varaordførar.

Flo takka for tilliten og gjorde det klart at han kom til å vere ordførar på same måte som han har gjort jobben dei siste fire år. Flo drog vidare fram dei store utfordringane politikarane har i haust. Budsjettet skal i hamn, intensjonsavtalane om kommunereforma skal forhandlast fram, og det vert nye utfordringar med asylmottak i Stryn.

Det vart ingen endringar i framlegget til formannskap og utval. Dei faste medlemane i formannskapet vert Sven Flo, Sonja Øvre-Flo, Aud Løvlid, Pål Vonheim og Torstein Tvinnereim. Desse tilhøyrer konstellasjonen Høgre, Ap, Frp og Venstre. 1. vara for denne kontstellasjonen er Anders Magne Vik (KrF). I tillegg blir Per Kjøllesdal, og Astrid Drageset Raftevold (Sp) faste representantar frå konstellasjonen Sp og KrF. Klemet Bø (KrF) blir deira vara.