Faktura lureri:

Tilbod forkledd som faktura

Bengt Flaten med lure-fakturaen som fort kunne kosta seks tusen kroner. 

Nyhende

Det dukkar stadig opp nye aktørar innan nettkatalog-segmentet med forsøk på å lure bedrifter til kostbare oppføringar. Denne veka hamna det som tilsynelatande såg ut som ein faktura frå Onlineopplysningen på pulten til Fjordingen-redaktør Bengt Flaten.

- Dette er eit openbart forsøk på lureri. Normalt sett mottek ein tilbod på e-post eller telefon, før det kjem ei rekning, seier Flaten, og held fram det som i praksis er eit tilbod på ein ferdig utfyllt giroblankett.

- Her opererer dei med registreringsfrist i staden for betalingsfrist, seier han og peikar på blanketten. Han oppmodar andre bedrifter å kaste eit kritisk blikk på alle rekningar, så ikkje ein slik lure-faktura får innpass i nettbanken. Det kan fort koste bedrifta fleire tusen kroner.

Registreringsfrist i staden for betalingsfrist. 

 

Eit google-søk avdekker også fort at Onlineopplysningen er ein avsendar ein skal vere på vakt mot. På nettstaden Trygghandel.no står det mellom anna:

Vær oppmerksom på utsendelse fra OnlineOpplysningen - dette er ikke en faktura! OnlineOpplysningen.no er ytterligere en nettkatalog som nå nettopp har kommet på banen og som bruker "markedsføringsmetoden" å sende ut tilbud på en ferdig utfyllt giro-blankett, som mange forveksler med en reell faktura i en ellers hektisk hverdag.