Daniel Hagen til topps begge dagar

Kvartett frå Stryn Alpin på SPV-cup i Jølster: (F.v.) Julie Fredheim, Daniel Hagen, Jonas Henden Drageset og Magnar Fredheim.   Foto: Stryn Alpin

Nyhende

Alpinisten Daniel Hagen (15 år) frå IL Veten og Stryn Alpin leverte to gode konkurransar i skitrekket i Jølster i helga. Han gjekk til topps i begge slalåmrenna i SPV Cupen.

Også Jonas Henden Drageset, Magnar Fredheim og Julie Fredheim stilte i renna. Drageset, som køyrer i same klasse som Hagen, vart diska i det første, men tok ein flott andreplass i den andre slalåmkonkurransen.

Magnar Fredheim vart nummer 5 i begge renna gutar 11-12 år, medan Julie Fredheim i klasse 13-14 år vart nummer 9 og 11.