Klatra uskadd ut av smadra førarhytte

Nyhende

Ein lastebilsjåfør klatra uskadd ut av den smadra førarhytta etter å ha køyrd av E39 i Svorastranda i Hornindal måndag kveld.

- Når vi ser korleis førarhytta ser ut, er det enkelt å konstatere at føraren har hatt utruleg flaks. Og heldigvis hadde han ikkje passasjer med seg, seier politibetjent Vidar Stavik.

Utforkøyringa skjedde rett ca kl. 18.15. Spor på staden viser at lastebilen har kome utfor vegkanten og drege seg ut i grøfta. Bilen har treft fjellskjeringa mange stader og vart kraftig ramponert før ferden stogga.

Det var ikkje vitne til sjølve utforkøyringa, men vitne som kom rett etter såg røyk rundt den kraftig ramponerte lastebilen. Dei kan fortelje at mannen sjølv klatra tilsynelatande uskadd ut av førarhytta.

- Føraren som er i 50-åra kjem frå Lillestrøm og var på veg til Larsnes med eit naudaggregat på lasteplanet. Sjåføren har opplyst at han var litt uoppmerksom og kom utfor kanten. han klarte ikkje få bilen inn på vegen att, seier Stavik.

Hornindal brannvesen var først på ulukkesstaden, deretter ambulanse og politi.

- Den uheldige lastebilsjåføren ønskjer å gje ros til brannvesenet gjennom lokalavisa. Han var imponert over den omtanke og service dei gav han. Måten brannvesennet framstod på imponerte han, seier Stavik. Som legg til at aggregatet på lasteplanet var godt sikra, ettersom det stod på plass trass det kraftige møtet med fjellveggen.

Lastebilsjåføren tok sjølv drosje til sjukehuset i Volda for ein sjekk etter utforkøyringa.

E39 er framleis stengd, og vert truleg stengdt fram mot kl 20.30 medan redningsarbeid pågår.