Skåla Opp:

Norsk Skåla Opp-siger

Stian Angelmund-Vik frå Varegg IL sprang seg inn til siger i årets Skåla Opp. Raskaste kvinne er norsk-amerikanar.

Vinnarane Stian Angelmund-Vik (nr.332) til venstre vann motbakkeløpet i år! Østeriske Schneider (nr.432) tok sølv.  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Dobbelt verdsmeister Stian Angelmund-Vik (nr.332) frå Varegg IL vann Skåla Opp med tida 41,27 opp til mål ved Skålavatnet, meir enn minuttet foran andreplassen. Tida er utan samanlikning forøvrig ettersom målgang i år var ved Skålavatnet.

Angelmund-Vik er første nordmann som vinn dette motbakkeløpet sidan 2007 då Jon Tvedt vann Skåla Opp (1.08.39)


Dobbelt norsk Annie Bersagel (til høgre) i amerikanske "Under Armour" var raskaste kvinne med tida 50.04. Godt foran spanske Laura Orgue med tida 50.56  Foto: Roger Oldeide

På andreplass kom David Schneider frå Østerrike (42.33) og på tredjeplass nordmannen Stian Øvergaard Aarvik med tida 42,45. Inn på fjerdeplass kom britiske Andrew Douglas på tida 43.30.

Ein av førehandsfavorittane var Francis Muigai Wangari frå Kenya. Han enda på ein femteplass med tida 44.27.

- Det er verdseliten av bakkeløparar som er med i dette løpet, fastslår arrangøren.

Det vart norsk-amerikansk siger i kvinneklassa i år. Raskast var Annie Bersagel i den amerikanske klubben Under Armour med tida 50.04. Godt foran spanske Laura Orgue med tida 50.56 og italienske Antonella Confortola Wyatt med tida 51.40.

Øvrige resultat frå årets Skåla Opp finn du her.

Les også: Suveren klassevinnar i Skåla Opp.