Løyperekord i surklesko

Rasmus Endre Bø sprang inn til ny løyperekord trass ein tidvis blaut og krevjande trasé. 

Nyhende

Rasmus Endre Bø imponerte med ny bestetid i Strynemila laurdag ettermiddag. 33-åringen sprang den knapt ti km lange traséen på 34.04 minutt og forbetra Torjus Loen sin rekord frå i fjor med fire sekund.