Rask brite fekk køyreforbod i Norge

Nyhende

Ein britisk statsborgar fekk seks månaders køyreforbod i Norge etter å ha blitt stoppa av strynepolitiet torsdag. Årsak: Gjennomsnittsfart på 125 km/t i 80-sona mellom Markane og Kjøs bru.

Politiet opplyser at sjåføren vedtok og betalte ei bot på 10.000 kroner på staden.